Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Valkort og legitimasjon

Valkort

Å få valkortet er fyrst og fremst ei stadfesting på at du har røysteerett ved valet.
Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har røysterett og står i manntalet.

Frå og med 2021 vert valkortet sendt ut digitalt, og ved å laste det ned på en smarttelefon er det enkelt å ha det tilgjengeleg når du skal røyste.
Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, vil som før få valkortet tilsendt på papir.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å røyste, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å røyste. Har du ikkje motteke valkortet digitalt eller i posten, eller har mista det, møt likevel opp for å røyste.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsrøysteperioda tek til 10.august. Her kan du sjå døme på korleis det digitale valkortet såg ut i 2021: valg.no 

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg.
Ta difor med legitimasjon når du skal røyste, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og nytte annan legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen har eit visst offisielt preg og inneheld veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Røystemottakar vil i kvart einskild tilfelle vurdere den legitimasjon veljaren legg fram.
arrow_upward