Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Førehandsrøysting

Tidlegrøysting

Du kan røyste frå 1. juni om du ikkje har høve til å røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøystinga og heller ikkje på valdagen.

I perioden 3. juli til og med 9. august kan du i Ål røyste på Servicetorget måndag-fredag mellom kl. 09.00 - 15.00

Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

 

Førehandsrøysting 

Om du ikkje har høve/ ynskjer å røyste på valdagen, er det mogleg å røyste på førehand. 
Viss du har røyst på førehand kan du ikkje røyste på valdagen, Du kan heller ikkje røyste på førehand fleire gongar, den første røysta di er den som gjeld og  den du er kryssa av i manntalet for. 
Du kan røyste på førehand i kommunar kvar som helst i landet. 
På valdagen kan du berre røyste i den kommunen der du står i manntalet. 
 
Førehandsrøystestader og tider i Ål kommune :

  • Servicetorget, Tingstugu: måndag - fredag 10.aug - 8.sept 09.00 - 15.00. Laurdag 2. sept 10.00 - 14.00 
  • Ål bibliotek, Kulturhuset onsdag 30.aug 18.00 - 21.00 
    Torsdag 7. sept 18.00 - 21.00 
  • Hallingdal sjukestugu tysdag 5. sept 10.00 - 12.00 
  • Ål helsesenter, Gjestestugu onsdag 6. sept 10.00 - 14.00 

Vallova seier og at ved førehandsrøysting i helse- og omsorgsinstitusjonar kan du ta imot røyster der bebuaren bur og ved omsorgsbustadar i nærleiken av helse- og omsorgsinstitusjonen.