Ål kommune sitt GNIST-prosjekt frå A til Å.
På denne sida kan du følge prosessen i sentrumsutviklingsprosjektet vårt. Her legg vi ut arrangement, oppdateringar og publikasjonar etterkvart som dei blir klare.
Dei nyaste aktivitetane er publisert øverst, deretter kan du bla deg nedover til byrjinga av prosjektet.
Innsiktsnotat om utfordringar og moglegheiter på Sundre
Ål kommune har no fått på plass eit innsiktsdokument som gir eit samla bilete av utfordringar og moglegheiter for utvikling av Ål sentrum, Sundre. Dette er første steg i Gnist-prosjektet som varer fram til sommaren 2026.
Les heile innsiktsdokumentet her
Har du innspel?
Vi ynskjer vi å høyre frå deg! Dersom du har kommentarar eller forslag til innhaldet i rapporten, kan du sende skriftlege innspel til Ål kommune via brev eller e-post.
Epostadresse: postmottak@aal.kommune.no
Postadresse: Ål kommune v. GNIST-teamet, Torget 1, 2570 Ål.
Ver venleg å merke eposten eller brevet med "Gnist Ål" slik at den blir korrekt arkivert.
Frukostmøte for næringslivet 2. desember
Ål kommune og Ål kommune inviterte næringslivet i Ål til frukostmøte på Thon Hotel Hallingdal, tysdag 2. desember kl. 08.15-09.30.
Her vart innsiktsnotatet som GNIST-teamet har utarbeida, presentert for 30 engasjerte aktørar frå lokalt næringsliv. Takk for engasjementet og oppmøtet!

Teamet på andre feltarbeid i Ål
Torsdag 16. oktober var GNIST-teamet, ved Anders Koller Tufte (Ihuga arkitekter) og Glenn Sæstad (Lokalt byrå), på sitt andre feltarbeid i Ål.
Denne gongen hadde vi møter med politisk og administrativ leiing i Ål kommune. Teamet gjennomførte:
- Intervju med Rådmann
- Intervju med Kommunalsjef for for Helse og omsorg og kommunalsjef for Drift og utvikling
- Sundrevandring med styret i Ål Frivilligsentral
- Samtale med "kafégjengen frå Torpo" på TID Kafé
- Gruppearbeid med kommunestyret i Ål
- Open Sundrequiz på Tanken Arena
Teamet på første feltarbeid i Ål
Glenn, Tobias og Anders i GNIST-teamet til Ål var i september på feltarbeid i Ål for første gong. I løpet av 48 effektive timar rakk teamet å møte ei rekke aktørar frå kommune og næringsliv. Mellom andre:
- Ål Utvikling v dagleg leiar
- Ordførar Jørund Li
- Kommunalsjef for Kultur
- Senteransvarleg på Ålingen
- Samtale med jenter før dansetime på Kulturskulen
- Tanken Arena
- Hallingdal Hytteservice
- Martin Gaze
- Vegard Ødegaard
Dei var også på ei eiga befaring i sentrum leia av arkitekt Anders og på ei historisk Sundrevandring med Thor Warberg, Ole Johs. Brye, Ål Utvikling og representant frå RMF, Råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne.
Det vart også tid til ein tur opp på utsiktspunktet på Sundreberget.

Oppstartssamling for GNIST i Oslo
Torsdag 28. og fredag 29. august var prosjektgruppa for sentrumsutviklingsprosjektet Sundre samla i Oslo saman med dei andre GNIST-kommunane 2025-2026, fylkeskommunar, DOGA og innovasjonsteam.
Det var ei inspirerande og lærerik samling der me drøfta strategisk samfunnsutvikling, byplanlegging og framdrift for første fase i prosjektet.
Frå innovasjonsteamet vårt deltok dei strategiske designerane Glenn Sæstad og Tobias Mangersnes frå Lokalt byrå og arkitekt Anders Koller Tufte frå Ihuga, samt planleggar i Buskerud fylkeskommune, Kathrine G. Thomassen.
Frå Ål kommune deltok kommunalsjef for drift og utvikling, Torfinn Slåtto; næringsutviklar Staffan Landsmann-Wive, folkehelsekoordinator Hege Malene Ulstein, samfunnsplanleggar Anne Nordheim og landbruksrådgjevar Ingvild Sundgot. I tillegg hadde vi med oss trivelege kollegaer frå kommunene Tinn (Telemark) og Øyer (Innlandet) som skal følge prosessen i Ål for å lære.

Lokalt byrå er vårt GNIST-team
Rett før sommaren landa Ål kommune, saman med DOGA og Buskerud Fylkeskommune, på kva arkitektur- og designmiljø det var som skulle få oppdraget med å bistå oss i vårt GNIST-prosjekt, der vi skal gå "frå handling til plan - på vegen til eit vitalt sentrum".
Kommunen har valt å jobbe med det strategiske designkontoret Lokalt Byrå,
arkitektkontoret Ihuga og samfunnsutviklar Vigleik Winje, som til dagleg er leiar for by- og samfunnsutvikling i Karmøy kommune, men som også undervisar på AHO - Arkitekturhøyskolen i Oslo.
"Vi har allerede fått et ordentlig godt inntrykk av gjengen i Ål kommune. Dette er folk som virkelig vil få til noe, og som har masse lokal kunnskap og erfaring, som vi nå skal flette med vår egen fagkunnskap og erfaring fra andre steder i landet", seier Glenn Sæstad i Lokalt Byrå.
Ål er GNIST-kommune 2025-2026
Ål kommune er ein av fem kommunar i Noreg som i 2025-2026 er valt ut til å vere med i innovasjonsprogrammet GNIST.
Gnist er eit samfunnsutviklingsprogram i regi av DOGA – Design og arkitektur Norge, der utvalte norske kommuner får design- og arkitekturfagleg hjelp til å finne bærekraftige løysingar på utfordringar i lokalsamfunnet.
«Utfordringane Ål ynskjer å løyse går att i mange norske kommuner: Dei manglar eit velfungerande og berekraftig sentrum. Gjennom Gnist får kommunen kompetanse, metoder og verktøy til å ta tak i utfordringane sine. Vi har tru på at Ål kjem fram til noko som vi alle kan lære av»,
seier Tor Inge Hjemdal, administrerande direktør i DOGA.
Det er ei oppfatning Ål kommune, ved prosjektleiar Anne Nordheim, deler:
«Vi har mange og store håp for deltakinga i Gnist. Med god arkitektur- og designfaglig hjelp håpar vi Ål får eit meir aldersvenleg og inkluderande sentrum som i større grad syner fram vår identitet som ei fjell- og kulturkommune. Samtidig ynskjer vi å bli betre på samfunnsplanlegging og å tenke nytt rundt samankobling av tenester og tilbod til innbyggarane.»