Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Reguleringsplanar

Kva er ein reguleringsplan

Ein reguleringsplan består av planomtale (tekstdel), kart og føresegner. Den er juridisk bindande og fortel kva ulike areal kan brukast til. Det er viktig å kjenne kva reguleringsplanen seier før du set i gang med å planlegge bygging eller andre tiltak.

Ein reguleringsplan kan vera fremja av private eller av kommunen og gjelde eit større område (områderegulering) eller vera meir detaljert og gjelde eit mindre område (detaljregulering). Det er kommunestyret som vedtek reguleringsplanane etter at dei har vore ute til offentleg høyring. Viss du ynskjer å endre ein reguleringsplan eller regulere eit nytt område, er det lurt å ta kontakt med ein sakshandsamar for å få rettleiing.

Drømmeplan

Har du eigedom innanfor bustadfeltet Kolbotn eller hyttefeltet Bjørnestølen på Torpoåsen kan du finne ut kva din eigedom kan nyttast til og kor stort du kan byggje på ein enkel måte. Her er de aktuelle planføresegner knytta direkte til din eigedom. 

Kolbotn bustadfelt og hyttefelt Bjørnestølen 

Kommunekart

Kommunekart

For å finne ut kva reguleringsplan som gjeld i eit område kan du slå opp i Kommunekart

Viss du veit namnet eller id-nummeret til planen kan du slå opp i planarkivet vårt eller du kan leite fram riktig plan.

Planarkiv

Planarkivet

Planarkivet innheld alle reguleringsplanane i Ål (både gamle planar som ikkje gjeld lenger, gjeldande planar og planar under arbeid).
Planar som er ute til høyring finn du under Høyringar

For rettleiing eller hjelp, ta kontakt med ein av oss:

Åsne Brattåker Håheim  Siri Rueslåtten Nedremyr     Reidun Aaker