Om disposisjonsplanar
23.06.2010 vedtok Ål kommune arealdelen av kommuneplanen. Fram til då hadde det vorte gjort sakshandsaming på 34 eldre disposisjonsplanar som til då var gjeldande. Planane hadde då same status som ein reguleringsplan. Planane var vanskeleg å drive sakshandsaming etter, då dei hadde dårleg kartkvalitet. Planane var frå 60 – 70 talet og tomtene var i hovudsak tenkt for mindre hytter av låg standardGjennom prosessen med rullering av ny arealdel har Ål kommune oppheva alle disposisjonsplanane i kommunen, og erstatta dei med byggjeområde i staden.
Det var berre disposisjonsplanar som var stadfesta av Fylkesmannen i Buskerud som var formelt gyldige. Dei planane som ikkje hadde denne stadfestinga var ikkje å sjå på som godkjente planar. Dei hadde dermed ingen formell planstatus.
Godkjente disposisjonsplanar
I tabellen under finn du ein oversikt over alle dei før godkjente disposisjonsplanar i Ål kommune. Klikk på plannavnet for å sjå disposisjonsplanen digitalisert.
01 Stokksendvatnet hyttfelt.pdf
39 Barskrind søndre hyttefelt.pdf
46 Hagaheimstølen hyttefelt.pdf
47 Heimstølhovda hyttefelt.pdf
52 Kjellargard søre hyttefelt.pdf
61 Knutstølhovda hyttefelt.pdf
Utgåtte disposisjonsplanar
127 Buhovd, Steinstølen og Olset hyttefelt.pdf
18 Leikvollstølen hyttefelt.pdf
24 Gunnbjørgdekkene hyttefelt.pdf
31 Rimeslåtta-Kolbjørnstølen hyttefelt.pdf
Digitalisering av godkjente disposisjonsplanar
Ål kommune har digitalisert planane – dvs teikna av planane etter beste skjønn – og lagra dei i den digitale kartbasen for Ål.
Disposisjonsplan - ny arealdel for Ål kommune
Alle disposisjonsplanane er oppheva gjennom arbeidet med ny arealdel av kommuneplan.
Disposisjonsplanane er i staden avsett som eksisterande byggjeområde i ny arealdel. Men planar som har tomter eller der heile planområdet ligg sårbart må få ein ny vurdering.