Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vigsel

Kven kan gifte seg hos oss?

Både busette i Ål kommune og personar utanfor Ål kommune kan bli vigsla.

Vilkår

Me må motta prøvingsattest frå dykk før vi kan gjennomføre vigsel. Før ekteskapet vert inngått må ekteskapsvilkåra prøvast. Det vil seie at det skal kontrollerast at dei som skal gifte seg oppfyller vilkåra i ekteskapslova. Det er folkeregistret (Skatteetaten) som prøver om ekteskapsvilkåra er oppfylt. Dersom vilkåra for ekteskap er oppfylt, sender Skatteetaten ein prøvingsattest til søkjeren. Denne skal de sende saman med søknadsskjema.

Her finn du link til folkeregisteret (Skatteetaten) for deg som skal sende søknad om prøvingsattest.

Registreringsskjema for vigsel (Du må logge inn med BankID.)

Registeringsskjema - PDF

Ettersending av prøvingsattest

Ettersending av prøvingsattest - PDF

Prøvingsattesten som vert sendt ut er berre gyldig i fire månader. Det er eit krav etter ekteskapslova at prøvingsattesten må vere gyldig den dagen ein inngår ekteskapet. Sakshandsamingstid hjå Skatteetaten er 2-3 veker.

Dei som skal inngå ekteskap er sjølv ansvarleg for å søkje om prøvingsattest.

Stad

Ål kommune tilbyr vigsel på Tingstugu og i Ål kulturhus. Vigsel kan finne stad andre stader, men då må dette avtalast med vigslar i god tid.

Kven utfører seremonien?

Vigslar vert utført av ordførar, varaordførar eller rådmann.

Seremonien

Vigslar kjem og møter dykk, og de vert vist inn i seremonirommet saman med vitna og eventuelt andre de har invitert med til vigselen. Seremonien varer i om lag 10 minutt. Vigslar les vigselsformularet, som er ein fastsett tekst for borgarerleg vigsel. Deretter vert de spurt om de vil ha kvarandre til ektefeller, før de vert erklært for rette ektefolk. Til slutt signerer brudeparet og vitna.

Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Desse må vera over 18 år, hugs ID. Om de ynskjer, kan kommunen stille med vitne.

Kostnad

Sjølve vigselen og bruk av lokale på Tingstugu eller Ål kulturhus er gratis. Kostnader til pynt og dekorasjonar må dekkast av brureparet. Det same gjeld musikk eller andre kunstnarlege innslag. Om brureparet ynskjer å bli vigsla utanfor kommune sine grenser, men at vigslaren skal vere frå Ål kommune, må det gjerast avtale om det. Reiseutgifter for vigslaren og eventuelle andre meirutgifter må dekkast av brureparet.

Reglement for vigslar i Ål kommune

Reglement for vigslar i Ål kommune.pdf

Relevante lenker

Søknad om prøvingsattest

Ekteskapslova

Forskrift om kommunale vigsler

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Vedtak om borgarleg vigselsformular

Rundskriv om kommunale vigsler