Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Arrangement

Arrangementsbygda Ål byr på mange store og små arrangement gjennom året. Lag, organisasjonar, verksemder og privatpersoner leverer proffe arrangement av god kvalitet, med mange besøkande. Her finn du arrangement for einkor smak - musikk, dans, kunst, sykling, fotball, handball, ski og mykje meir. Blant anna går to av verdas største barneskirenn av stabelen her i mars og april, og me husar også landets eldste folkemusikkfestival i mai.

Ål Arrangementsforum

Ål arrangementsforum består av alle dei store arrangementa i Ål og skal vere eit forum for erfaringsutveksling, kompetansedeling og samarbeid med kommunen. Det er møte omlag to gonger i året, og medlemene kan sjølv kome med innspel til innhald på møtene.

Medlemene betaler inn ein årleg medlemskontingent, som vert spegla av arrangementsfondet (inntil kr 30 000). Pengane er eigd av arrangementsforumet og skal gå til felles gode for medlemene.

Det er kultur- og idrettskonsulenten som er ansvarleg for Ål arrangementsforum.

Kva Skjer

Kva Skjer finn du arrangementskalender for heile Hallingdal. 

Arrangørane må sjølv registrere sine arrangement i portalen. Her kan du legge inn både smått og stort, men hugs på at faste, organiserte fritidsaktivitetar skal registrerast på Fritid Hallingdal.

Det er Ål Utvikling som er ansvarleg for portalen.

Har du lyst til å arrangere noko?

Har du lyst til å lage ein ny festival, eit stevne, eller legge eit meisterskap til Ål? Eller har du lyst til å flytte eit eksisterande arrangement hit? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Me vil gjerne ha oversikt over det som skjer i kommunen vår, og nye større arrangement blir invitert til å bli medlem i Ål arrangementsforum.

Korleis kontaktar du oss?

Alle henvendingar og søknadar skal sendast til postmottak@aal.kommune.no eller via gjeldande søknadsskjema.