Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ål-appen

Ål-appen samlar info frå Ål kommune og frå lag og organisasjonar i bygda på ein plass. Her kan du følge aktivitetar og arrangørar og få nyheiter tilpassa dine interesser.

Ål-appen er utvikla av Innocode. 

Når du lastar ned appen og opnar den for første gong vil du kunne velge kva målgruppe du tilhøyrer (t.d. om du er ungdom eller vaksen, og om du har born eller ikkje) og kva interesser du har.

Basert på dine val vil du få opp nyheiter og info om aktivitetar og arrangement som er tilpassa deg. 

I tillegg til å samle nyttig info frå Ål kommune på ein plass, vil appen ha funksjonar for å sende meldingar frå kommunen, og fråforeiningar og arrangørar, til innbyggarane. 

Appen samlar ikkje personopplysingar om brukarane. Alle val du gjer i appen blir lagra lokalt på telefonen din. 

For lag og foreiningar

For at Ål-appen skal fungere er det viktig at lag og foreiningar i kommunen tek den i bruk. Laga kan opprette brukarar i appen, og derfrå legge ut arrangement, nyheitsartiklar og sende meldingar til sine "følgarar".

Ynskjer du å ta appen i bruk for å synleggjere di foreining, kan du ta kontakt med Ål Frivilligsentral på epost: frivilligsentralen@aal.kommune.no 

Tidsplan for utrulling 

Ål-appen blir rulla ut i fleire etappar i løpet av 2023. I første omgang ynskjer vi å tilknytte oss lag og foreningar som vil ta appen i bruk for å legge inn sine aktivitetar i Arrangementskalenderen.