Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Friluftslivets år 2025

Friluftslivets år blir arrangert kvart 10. år.

Årshjul_FÅ25.png

Det viktigaste med Friluftslivets år er å inspirere fleire til å bruke turområder og bli kjent med varige friluftslivsaktiviteter der ein bur, samtidig som vi tar omsyn til naturen.

Det vil bli masse merksemd om friluftsliv i 2025, og du vil bli invitert med på aktiviteter i nærnaturen din.

Du finn meir informasjon om frluftslivets år her

 

Aktivitetskalenderen for Ål finn du her: Ål frivilligsentral - Alle med - Friluftlivets år 2025

 

Det er mogleg å søke om tilskot til friluftslivsrelaterte arrangement under friluftslivets år 2025.

Søknadskriterier:

  • Det skal vere eit friluftslivsrelaterte, opent og gratis arrangement.
  • Ål kommune og Frivilligsentralen skal kunne dele info om arrangementet i både den lokal og nasjonale aktivitetskalenderen, og på Instagram og Facebook. Mottakaren må og dele info om arrangementet på sine infokanalar. 
  • Etter arrangementet skal det sendast ei tilbakemelding på kor mange som deltok, gjerne litt info om korleis arrangementet gjekk, og eit eller fleire bilete som kan delast. 
  • Kvar arrangør kan få eit tilskot i løpet av året. 
  • Søknadssum er maks 1000,- pr arrangement, og det må søkast før gjennomføring av arrangementet.
  • Ordninga gjeld til tilskotspotten er brukt opp. 
  • Utbetalinga vil kunne skje etter at arrangementet er gjennomført. 

Enkel e-post med info om arrangementet og søknadssum  sendast til Postmottak@aal.kommune.no . Merk e-posten med «Arrangement tilskot Friluftslivets år».