Formål med Den kulturelle spaserstokken:
- Å gje eit betre og meir omfattande tilbod av kunst og kultur for eldre.
- Leggje til rette for auka samarbeid, slik at det utvikles gode kunst- og kulturprosjekter lokalt innanfor eit mangfald av sjangre og uttrykk. Det kan være samarbeid mellom kommunar, samarbeid mellom kultursektor og omsorgssektoren og med andre aktører som kino, bibliotek, kulturskule, pensjonistorganisasjoner og Folkeakademiet.
- Få til eit auka regionalt samarbeid om kunst og kulturtilbod for eldre. Det kan være samarbeid mellom kommunar, samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren og andre aktører. Bidra til at eldre gis auka mogelegheit til å delta på kunst og kulturopplevingar.
- Bidra til at eldre får eit tilpassa kulturtilbud på arenaer der dei eldre befinn seg i dagleglivet.
Tilskotet brukast til:
a. Kunst- og kulturopplevingar til den eldre delen av befolkninga.
b. Møteplasser med kulturinnslag.
c. Møteplasser der eldre sjølv er kulturutøverar.
d. Transport for eldre til kunst- og kulturarrangementer.
Rapportering
Det skal rapporterast til Ål kommune v/postmottak på tildelt tilskot innen 1. februar året etter at det er innvilga tilskot. Rapportering på bruken av tilskotet er viktig då kommunene skal sende rapport til Buskerud Fylkeskommune på korleis tilskotet er brukt innen 1. mai året etter at tilskuddet er mottatt.
Kunngjering og søknadsfrist
Søknad om tilskot frå den kulturelle spaserstokken sendast til Ål kommune innen 1. mars eller 1. september årlig. Søknadsfristen kunngjerast på kommunens heimeside i forkant.
Krav til søknaden
Søknaden skal innehalde følgende:
a. Opplysninger om søkjaren.
b. Beskriv arrangementet som det søkes til, antall arrangementer, sted og dato/periode for gjennomføringen.
c. Opplysning om pris.
d. Budsjett, som skal innehalde alle forventa utgifter og inntekter, inkludert alle honorarer. Summen av forventa utgifter og inntekter skal minimum gå i balanse.
Behandling av søknader
Tilskotet gis ut frå ein samla skjønnsmessig vurdering av DKSS-koordinator i kommuna. Ved vurderinga skal det bl.a. leggast vekt på kunstnerisk og faglig nivå, og at tiltaket vil bidra til eit variert kulturtilbod for eldre i Ål kommune.
Vilkår for tildeling av tilskot
I tilsagnsbrev gis nærmare vilkår for tildeling, bl.a.:
- Det stilles som krav at tiltak gjennomførast i henhald til søknad, og kommunen skal gis melding dersom det inntrer forhold som innebærer endringar av dei forutsetningane som kjem frem av søknaden.
- Tilskotssmottakar skal sjølv avtale arrangementene med institusjonane/kulturarenaene.
- Krav om rapportering og regnskap.
- Krav til merking i marknadsføring av arrangement.
Kontroll med bruk av midler
Ål kommune har mogelegheit til å be om innsyn og kontroll av bevilga kommunale midlar, jf. regler for offentleg tilskotssforvaltning. Mottakar av tilskot plikter å medvirke, herunder fremskaffe etterspurt og relevant dokumentasjon, m.m.
Bortfall av tilskot og krav om tilbakebetaling
Dersom tildeling av tilskot byggjer på uriktige opplysninger frå søkjer, eller tilskotet – eller deler av det – ikkje er nytta etter forutsetningene, herunder at fastsatte vilkår ikkje er oppfylt, bortfaller tilskot som ikkje er utbetalt, og utbetalt tilskot kan krevast tilbake.
Søknaden sendast til
postmottak@aal.kommune.no
Kontaktperson
Kultur-og idrettskonsulent i Ål kommune. abk@aal.kommune.no