Kommuneoverlege
Toril Bøyum
Tlf: 997 25 898
Dersom det ikkje hastar, ta helst kontakt på e-post.
E-post: toril.boyum@aal.kommune.no
Ål Legekontor
Helsetunvegen 17
3570 Ål
13.00 - 15.00
Merk! Du kan berre bestille time hos fastlegen.
E-post til legekontoret blir ikkje vurdert som 100% sikker kommunikasjon; det finst risiko for at uvedkomande kan få tilgang til e-posten. Det er difor viktig at du ikkje skriv personnummeret ditt eller annan sensitiv informasjon i e-post til legekontoret; bruk berre fullstendig namn.
Vi vil også gjerne at du oppgjev eit telefonnummer/mobilnummer der vi kan nå deg, dersom det er behov for avklaringar rundt bestilling, spørsmål eller beskjed vi får frå deg.
Betaling
Når du har vært på legekontoret får du en link på mobilen med valg om å betale med vipps eller ved kortbetaling på mobil. Linken vil vere gyldig i 48 timar. Dersom den ikkje vert betalt vil du automatisk få ein faktura med 70,- i gebyr.
Vi har ikkje lenger betalingsautomat på legekontoret. Dersom du ikkje har mogelegheit til å nytte vipps eller kortbetaling via mobil vil du få tilbod om betaling via faktura gebyrfritt.
Vi minner om at du må betale for forbruksmateriell. Dette gjeld også dersom du har frikort og det gjeld for barn.
Døve - SMS teneste
Ål legekontor tilbyr SMS-teneste for døve.
Mobiltlfnr: 99 11 77 18
På denne telefonen kan du bestille/avbestille time hos fastlegen din, dessuten gjøre reseptbestilling – bare via SMS.
Telefonen blir besvart på alle hverdager kl. 08.30-15.30, men er ingen akutt-telefon.
Ved akutte og livstruande tilstandar:
Nødvarsling for teksttelefon: 1412
Nødvarsling på SMS: 2080 (begynn med å skrive 149, deretter mellomrom og så melding med navn, døv, hva, hvor)
Har du behov for øyeblikkelig hjelp (legevakt): Reis direkte til legevakta. Vi arbeider med å finne betre løysingar på dette.
Fastlegeordninga
Alle personar som har folkeregistrert adresse i Noreg, og asylsøkjarar som har D-nummer, har rett til å stå på ei fastlegeliste. Dersom du har krav på fastlege, vil også dine eigne barn under 16 år ha rett til å stå på den same fastlegelista som foreldra. Personar som har flytta innanfor Noreg, og innan 3 år flyttar tilbake til tidlegare kommune, kan få tilbake tidlegare fastlege.
Dersom du vel å stå utanfor fastlegeordninga, har du ikkje krav på legetime hos ein fastlege, berre øyeblikkeleg hjelp.
Du kan bytte fastlege 2 gonger pr kalenderår. I tillegg kan du bytte fastlege dersom du melder flytting til folkeregisteret eller dersom fastlegen sluttar eller reduserer lista si.
Du kan fritt velje mellom fastlegar som har ledig plass på si liste. Det er ikkje mogleg å setja seg på venteliste hos ein fastlege som har full liste. Du kan velje fastlege i ein annan kommune enn der du bur.
Du kan bytte fastlege sjølv ved å gå inn på MinFastlege. Her kan du også finne oversikt over tilgjengelege fastlegar i ditt fylke og kommune. Du kan også bytte fastlege ved å ta kontakt med Fastlegetelefonen på telefon 810 59 500. Fastlegebyttet gjeld frå den første dagen i månaden etter at det er registrert.
Treng du meir informasjon? Sjå helsenorge.no eller ring Fastlegetelefonentlf. 810 59 500.
Fastlegar i Ål
Vi har 7 fastlegar i Ål:
- Robert Tunestveit
- Paschal O. Nyangoto
- Johannes H. Poulsen (permisjon)
- Karoline Horn Strømmen Solheim
- Birgit Tveitehagen (utdanningspermisjon frå 01.12.23)
- Jørn Yngve Tømmerstrand
- Turnuslege: Maja Fosse
- Toril Bøyum frå 01.01.2024
Alle legane har opne lister innimellom. Dersom du ikkje er fornøgd med fastlegen din eller har lang ventetid på time hos fastlege, oppmodar vi deg til å bytte fastlege sjølv ved å gå inn på MinFastlege. Du kan også få rettleiing ved å ringe Ål legekontor.
Dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp, vil du nokre gonger få time hjå ein annan lege enn fastlegen din. Dette fordi vi av praktiske årsaker har flytta øyeblikkeleg hjelpsfunksjonen ut frå legekontoret. Dei ulike fastlegane jobbar ø-hjelp (daglegevakt) på omgang.
Hallingdal nattlegevakt
Hallingdalskommunane unnateke Flå har samarbeid om felles nattlegevakt.
Legevakta på natt, dvs i tidsrommet 23.00 – 08.00, vil vere fast lokalisert på Ål.
Lokala ligg i underetasjen i det nye helsetunbygget (Helsetunvegen 15).
Legevakta er bemanna med lege og sjukepleiar som er til stades i vaktlokala gjennom heile natta.
Vi ber deg likevel om ringe før du kjem. Dette både for å unngå unødig venting og for få gode råd. Nokre gonger kan ei slik samtale gjera legevaktbesøket unødvendig.
Tlf: 116 117
Mine reseptar
Mine resepter er ei Internett-basert teneste som er eit tilbod frå Helsedirektoratet.
Tenesta gir deg som har fått ein eller fleire elektroniske reseptar (e-reseptar), oversikt over dei aktive reseptane dine, legemiddel/varer du har fått utlevert hos apotek, og talet på utleveringar som eventuelt står att. Løysinga omfattar også reseptane til borna dine (0-16 år) og eventuelle fullmakter.
Du må ha en elektronisk ID på sikringsnivå 4 for å få tilgang til Mine resepter; BankID, Buypass-ID eller Commfides e-ID.
Du kan lese meir om tenesta Mine resepter her, eller kontakt e-resepttelefonen 800-43573 (800 Helse)
Nødnett
Nødnettet er felles for nødetatane; brann, helse og politi, og skal sikre ein betre og meir effektiv kommunikasjon innanfor og mellom nødetatane.
Politi, brannvesen og ambulansetenesta har allereie teke systemet i bruk.
Etter innføring av nødnett i Hallingdal vil alle henvendelsar til legevakt bli besvart ved Hallingdal Legevaktsentral heile døgnet. Det er altså legevaktnummeret som heretter blir besvart av operatør på Hallingdal Legevaktsentral, og som deretter varslar rett legekontor.
Telefonnr til legevakt heile døgnet: 116 117.
Ved akutt/livstrugande sjukdom eller skade ringer du som før 113.
Prøvetaking og medikamentell behandling
Prøver forordna av andre enn legar ved Ål legekontor
Ål legekontor er vanlegvis behjelpelege med å få teke blodprøver og andre typer prøver forordna av andre instansar enn fastlege ved legekontoret. Vi ber om at du som pasient samtykkar i at prøvesvar både vert sendt til den instansen som har forordna prøva og til fastlegen. Dette for å sikre at journalen din ved Ål legekontor inneheld alle nødvendige opplysningar.
Ål legekontor er likevel ikkje behjelpeleg med prøver der fastlegen vurderer det slik at den etterspurte prøven ikkje er medisinsk nødvendig for å utgreie eller behandle sjukdom, skade eller lyte. Dette er ein fylgje av gjeldande «Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse av sykdom, skade eller lyte», § 1.
I slike tilfelle vil Ål legekontor enten avvise å ta den aktuelle prøven eller kunne påta seg å ta prøva mot at kostnaden med dette fullt ut vert dekka av pasienten eller av den som har forordna prøva. Vi rår pasientane til å drøfte dette med aktuelle instans som har forordna prøva. Dersom den aktuelle instans meiner at det likevel vil kunne vera medisinske grunnar til å ta aktuelle prøve, bør ei slik grunngjeving sendast fastlegen skriftleg.
Dersom fastlegen / Ål legekontor skulle vera villege til å ta og sende inn ei prøve som ikkje er medisinsk begrunna, vil du som pasient kunne få ei foreløpig berekning av kostnaden med sjølve prøvetakinga, forsendingskostnad, administrative kostnader, analysekostnad og kostnad med oppfølging.
Medikament forordna av andre enn legar ved Ål legekontor
Ål legekontor er vanlegvis behjelpeleg med medikamentell behandling (t.d. setjing av sprøyter) forordna av andre instansar enn fastlege ved legekontoret.
Det er imidlertid nokre krav som må vera oppfylt:
- Det må føreliggja ei epikrise eller eit brev frå den legen eller den instansen som har forordna medikamentet. Her må det gå fram kva som er bakgrunnen for medisineringa og det må vera formulert ei form for bestilling av dei tenester fastlegen / Ål legekontor / heimesjukepleien vert bedt om å utføre.
- Fastlegen må på denne bakgrunn vurdere behandlinga som medisinsk forsvarleg, dvs at behandlinga ikkje kan medføre nokon risiko eller ha større skade enn nytte for pasienten.
- Medikamentet må vera godkjent til bruk i Noreg. Dersom medikamentet ikkje er registrert i Noreg, er det forordnande instans som må søke om registreringsfritak. Ein viser til regelverket: Legemiddelverket - Godkjenning av legemidler
Pasienten må kunne vise til ei skriftleg godkjenning frå legemiddelverket og forordnande instans må gjennom brev eller epikrise ha bedt om at fastlegen / Ål legekontor tek på seg oppgåver i samband med behandlinga.
Ål legekontor kan ikkje vera behjelpeleg med medikamentell behandling som ikkje tilfredsstiller krava ovanfor.
Røykeslutt
-
Røyketelefonen 800 400 85
Du kan òg laste ned "Slutta"- appen gratis til din telefon.
Les mer om røyke- og snusslutt på www.helsenorge.no
Frisklivssentralen Tel. +47 32 08 52 03
Torget 1, 3570 Ål 95 98 04 95 friskliv@aal.kommune.no
Frisklivssentralen har individuelle samtalar og tilbod om røykesluttkurs.
Tannlege
Telefonliste over tannleger i Hallingdal
Tannlegevakt
Ved behov for akutt behandling i helg og helligdagar kontakt tannlegevakten på tlf. 99 35 15 55. Åpningstider er lørdager og helligdagar kl. 16.00-18.00