Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Folkehelse

Kort fortalt

  • Folkehelse skildrar helse og livskvaliteten i befolkninga
  • Folkehelsearbeidet er bredt og tverrsektorielt
  • Heile kommunen har ansvar for folkehelsearbeidet

Folkehelse handlar om korleis du og me alle har det; helse, meistring og livskvalitet. Folkehelse skildrar helsa og livskvaliteten i befolkninga. Det handlar om helsetilstanden i befolkninga og korleis helsa og livskvalitet fordeler seg blant oss.

Kommunen sitt arbeid for å påverke dei faktorane som fremjar helse eller førebyggjer sjukdom, skade og liding, blir kalla folkehelsearbeid. Helsefremmende tiltak defineres som faktorar som styrkjer helse, mens forebyggende tiltak rettar seg mot faktorar som trugar helsa. 

Innbyggjarane si helse og livskvalitet vert påverka av ulike faktorar, som til dømes nærmiljø, oppvekst- og skuleforhold, tilgang på arbeid og sunne arbeidsforhold, i tillegg til kosthald, fysisk aktivitet, søvn og alkohol- og tobakksbruk.

Arbeid med folkehelse omfattar heile samfunnet, og berører stort sett alle samfunnsområda. Difor er tverrsektorielt samarbeid heilt nødvendig for å lykkast. Tidleg innsats er viktig, og barn og unge skal prioriterast i folkehelsearbeidet.

I Ål kommune skal det vere godt å leve.  

Bærekraftig samfunnsutvikling er eit overordna mål for alle, også for kommunen. For å nå dette målet er ein befolkning med god helse og livskvalitet, og ei rettferdig fordeling av dette, ei viktig føresetnad. 

 

Hvordan er folkehelsa i Ål?

Dei fleste innbyggjarar i Ål har god helse og livskvalitet. 

Folkehelsearbeidet i Ål skal bidra til å redusere og jamne ut dei sosiale helseforskjellane. Sosiale helseforskjellar betyr at faktorar som utdanning, yrke og inntekt påverkar levekår og levesett, som igjen gir forskjellar i helse mellom innbyggjarane. Det er ein tydeleg samanheng mellom helse og lengde på utdanning og inntektsnivå.

Dei siste 10 åra har me sett ei auke i helseforskjellane. I Folkehelsemeldingen lyfter regjeringa fram utjamning av sosiale helseforskjellar som ei viktig prioritering.

Viktige fokusområde i folkehelsearbeidet:

  • Redusere sosiale skilnader i helse 
  • Auke sosial deltaking 
  • Bidra til helsefremjande stadsutvikling
  • Sikre medverknad i lokalsamfunnet
  • Påverke positivt innbyggjarane si helserelaterte åtferd  
Folkehelse og berekraftig utvikling

Ål kommune er medlem i nettverket Nettverk for helsefremmende samfunn, (Fremsam), som er ein del av WHOs europeiske Healthy Cities nettverk. Me fylgjer WHOs visjon og strategi for helsevennleg samfunnsutvikling, som byggjer på FNs berekraftsmål og Agenda 2030.

Investering i innbyggjarane si helse og livskvalitet er ein avgjerande faktor for å skape berekraftige samfunn. FNs berekraftsmål gjer difor folkehelsearbeidet meir aktuelt enn nokon gong.

Ved å nytte berekraftsmåla som vårt rammeverk for planlegging og tenesteyting, utfordrast me til å sjå samfunnsutviklinga i ein større samanheng. Det inneber å arbeide for rettferdige og inkluderande samfunn, med eit sterkt fokus på å jamne ut sosiale helseforskjellar.

For å lykkast med dette må me arbeide saman på tvers av sektorar og i samarbeid med innbyggjarane. Det er gjennom fellesskapet at me skapar berekraftige løysingar og sikrar at Ål kommune er ein god stad å leve for alle!

Ål kommune si folkehelseoversikt

Folkehelseoversikta er eit viktig styringsdokument i kommunen sitt arbeid med folkehelse.

Kommunen gjennom folkehelseloven § 5 skal ha ei nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne.

Her finn du lenke til oversiktsdokumentet

Oversiktsdokumentet skal oppdaterast kvart fjerde år og skal gje eit bilete av folkehelsa i kommunen. I dokumentet vert dei viktigaste folkehelseutfordringane i Ål kommune presentert med tilhøyrande forslag på kva kommunen kan gjere for å imøtekomme desse utfordringane.

Oversiktsdokumentet er ikkje fullstendig. Det vil difor vere behov for ytterlegare kartlegging av fleire temaområde i åra som kjem.

Kunnskapsgrunnlag og statistikk

Folkehelseprofil og oppvekstprofil:

Ål kommune folkehelseprofil 2025.pdf

Ål kommune oppvekstprofil 2025.pdf

Ungdata 2025 - Statusrapport for Ål ungdomsskule i Ål
Ungdata - Ål ungdomsskole - rapport.pdf

Resultata frå folkehelseundersøkinga i Buskerud 2025 vil kjem i februar 2026.

Hallinghelse

Hallinghelse er eit interkommunalt samarbeid som jobbar for at alle innbyggarar i Hallingdal skal få likeverdige helsetenestar.

Gå til Hallinghelse 

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfattar alle miljøforhold som direkte eller indirekte kan ha ei innvirkning på befolkning si helse. Dersom ein identifiserer forhold ved miljøet som kan påverke helsa i negativ retning, handlar miljøretta helsevern om å forbetre desse forholda.

Det interkommunale samarbeidstiltaket Miljøretta helsevern Hallingdal (MHVH) utfører tenester for kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. MHVH har kontor på Gol, samlokalisert med Mattilsynet.

Kommuneoverlegane i Hallingdal er dei fagleg overordna og utgjer styringsgruppa for arbeidet med miljøretta helsevern.

Sjå nettsida til Miljøretta Helsevern Hallingdal og Valdres: http://www.mhvh.no 

Ingunn Håverstad tlf: 40 90 92 56

Line Aasli Moen tlf: 40 90 92 57

Trafikksikker kommune

Ål kommune er godkjent som trafikksikker kommune. Godt trafikksikkerheitsarbeid gir oss eit tryggare lokalmiljø, mindre skader og meir fornøgde innbyggjarar. Kommunen er ein viktig aktør i sikkerheitsarbeidet, og har valt å vareta dette ansvaret gjennom konseptet trafikksikker kommune, levert av Trygg Trafikk i samarbeid med Viken fylkeskommune. Å bli godkjent som trafikksikker kommune er ingen garanti for fråvær av ulykker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målretta og heilhetleg arbeid med trafikksikkerheit.

Trafikksikker kommune - lenkje til Trygg trafikk

Av-og-til kommune

Ål kommune samarbeider med Av- og-til om rusførebygging. Me arbeider for å førebyggje og redusere alkoholskadar, og for å gjere kvardagen tryggare for alle som bur i kommunen. Alkoholførebyggjing er ein del av folkehelsearbeidet i kommunen og kommunens arbeid med å sikre gode oppvekstmiljø.

Lenkje til å lese meir om av-og-til 

Kontakt folkehelsekoordinator

Folkehelsekoordinator i Ål kommune er Hege Malene Ulstein.
Plan og utvikling
Tlf: 475 03 995
E-post: hege.malene.ulstein@aal.kommune.no

Folkehelsekoordinator tek gjerne imot innspel i forhold til kommunens folkehelsearbeid.