Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ferietilskot for ledsakar

Informasjon om ferietilskot til følgje (ledsakar(ar) til personar med varig nedsett funksjonsevne.

Informasjon om ferietilskot til følgje (ledsakar(ar) til personar med varig nedsett funksjonsevne.

Ål kommune har sett av kr 100 000 til dekking av utgifter til følgje (ledsakarutgifter) eller annan særskilt tilrettelegging i samband med ferie- aktivitetsreiser for personar med nedsett funksjonsevne, og som sjølv ikke har økonomi til å dekke desse utgiftene.

Tilskotet vert tildelt personar som grunna si varige funksjonsnedsetting har behov for følgje (ledsakar) i samband med ferie- aktivitetsreiser/-turar, og som er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å meistre dagleglivets gjeremål.

Ferietilskotet skal gå til dekking av følgje si reise, kost og opphald. Eventuell lønn til følgje blir ikkje dekka av ferietilskotet. Det kan også ytast tilskot til anna særskilt tilrettelegging i samband med ferie- og aktivitetsturar. Søkar må sjølv dekke sine ferieutgifter. 

Når det er eit særskilt behov for det kan også nære familiemedlemmar være følgje. Med nær familie reknast ektefelle, foreldre, sambuar og søsken.

Det er utarbeida eigne retningsliner/kriterium for tilskotet.

Tilskotet kan nyttast til ulike aktivitetar som ferietur, helgeaktivitet eller kortare turar. Det er sett ei øvre grense for dekking av den einskilde følgje sine utgifter på kr 10 000.

Ved søknad om tilskot skal kommunen sitt søknadsskjema «Tildeling av ferietilskot for følgje for personar med varig nedsett funksjonsevne» nyttast.

Søknaden skal innehalde oversikt over reise-, kost-, og opphaldsutgifter for følgje, eller om det er behov for særskilt tilrettelegging.  Det må ligge ved legeerklæring eller dokumentasjon på at søkar har varig nedsett funksjonsevne.

Tilskotet blir annonsert på Ål kommune sine heimesider med søknadsfrist 1. mai og 1.november.

For godkjenning av utgifter skal rekneskap og dokumentasjon for følgje sine utgifter sendast Ål  kommune seinast 1 månad etter at ferien er avvikla. 
Ved framlegging av rekneskap vil kopi av følgje si kvittering/billett være tilstrekkeleg. Rekneskap og dokumentasjon kan leverast Servicetorget i Ål kommune eller sendast til:

Ål kommune v/ Sektorutval for helse og omsorg
Torget 1
3570 Ål.

Eventuelt restbeløp av innvilga tilskot skal betalast attende til bankkonto 2320 10 29533 og merkast med saksnummer på vedtaket.

Informasjon om ferietilskot til følgje (ledsakar) til personar med varig nedsett funksjonsevne

Søknad om ferietilskot Ål kommune

Rutine for tildeling av reisestøtte