Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Digital innbyggardialog

Digital innbyggardialog er ei løysing som gjer det mogleg å sende og motta meldingar digitalt. På denne sida finn du svar på vanlege spørsmål om korleis løysinga fungerer. Kven som kan bruke den og korleis du kjem i gang.

Digital innbyggardialog med helsepersonell

Ål kommune tilbyr no digital innbyggardialog for helsetenester.
Via Helsenorge.no kan du som mottar kommunale helsetenester sende og motta meldingar digitalt. På denne sida finn du svar på vanlege spørsmål om korleis løysinga fungerer, kven som kan bruke den, og korleis du kjem i gang. Kommunale hjemmetjenester på Helsenorge - Helsenorge

Kva er digital innbyggardialog?

Digital innbyggardialog er ei løysing som gjer det mogleg å sende og motta meldingar til og frå dine kommunale helse- og omsorgstenester via Helsenorge.no. Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge. Dersom du mottek heimesjukepleie, kan du sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk. Du kan òg laste ned Helsenorge-appen - Helsenorge.  
Helsenorge-appen gir deg enkel og rask tilgang til Helsenorge-tenestene medan du er på farten. Det er like trygt å bruke appen som helsenorge.no, og du har tilgang til dei same tenestene.

Kven kan bruke innbyggardialog?

Innbyggarar som mottek helsetenester frå Ål kommune kan bruke digital innbyggardialog.
Du må ha ei aktiv teneste i kommunen for å kunne ta i bruk løysinga.

Kva for tenester tilbyr digital innbyggardialog?

Frå 08.09.2025 tilbyr følgjande tenester digital innbyggardialog:

  • Heimetenesta (heimesjukepleie og heimehjelp)
  • Miljøterapitenesta (praktisk bistand og opplæring, avlastning)

Fleire tenester vil bli kopla på etter kvart.

Korleis loggar eg inn?

Du loggar inn på Helsenorge.no Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge med ID-porten (t.d. BankID eller Buypass).

Kva må eg gjere for å ta i bruk digital innbyggardialog?

For å kunne bruke løysinga må du:

  1. Samtykke til digital samhandling på Helsenorge og ha eit samtykke som heiter Full tilgang
  2. Ha aktive helsetenester i Ål kommune. Dette ser du når du er innlogga på Helsenorge
  3. Velje kva teneste du vil kommunisere med dersom du mottar fleire.

Personverninnstillinger - Helsenorge

Er det mogleg å gje pårørande tilgang?

Ja. Du kan gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegner av deg.
Du avgjer sjølv kva personar du ønskjer å gi fullmakt til. Personane du gir fullmakt, må vere 18 år eller eldre. Det er mogleg å trekkje tilbake fullmakta når som helst på Helsenorge.

Bruke Helsenorge på vegne av andre - Helsenorge

Fullmakt på helsenorge.no digitalt

Manuelt fullmaktsskjema

Pårørande til personar utan samtykkekompetanse kan òg bruke Helsenorge, men det føreset at det ligg føre ei legeerklæring som stadfestar manglande helserettsleg samtykkekompetanse. Skjema finn du på Helsenorge.no.

Fullmakt ved manglande samtykkekompetanse - Helsenorge

Stadfesting på manglande helserettsleg samtykkekompetanse

Korleis gjev eg eller trekkjer eg tilbake ein fullmakt?

Gå til Helsenorge.no – Fullmakter og følg rettleiinga for å:

  • Gje fullmakt
  • Trekkje tilbake fullmakt

Du kan når som helst endre kven som har fullmakt til å representere deg.
Les meir om fullmakt på helsenorge.no.

Får eg varsel når eg mottar ei melding?

Ja, men du må sjølv administrere varsla dine på Helsenorge:

  • Logg inn på Helsenorge.no
  • Gå til Profil og innstillingar
  • Vel Kontaktinformasjon
  • Endre under «Korleis skal Helsenorge varsle deg?»

Ål kommune kan ikkje endre dette for deg.
Les meir om varslar i brosjyren Digital innbyggjardialog på helsenorge.no.brosjyre-om-hjemmetjenester-pa-helsenorge.no.pdf

Bruke Helsenorge på vegner av barn

Du kan bruke Helsenorge på vegner av barnet ditt fram til det fyller 16 år.
Du treng ikkje fullmakt for dette.

Dersom barnet har manglande helserettsleg samtykkekompetanse. Du kan få fullmakt til å bruke Helsenorge på vegner av barnet etter at det har fylt 16 år, dersom det har manglande helserettsleg samtykkekompetanse.

Fullmakt ved manglende samtykkekompetanse - Helsenorge

Er det frivillig å bruke digital innbyggardialog?

Ja, det er heilt frivillig. Men vi oppmodar tenestemottakarar og pårørande om å ta tenesta i bruk. Det gjer det lettare og meir praktisk å kontakte helsepersonell når det passar deg.

Kor raskt får eg svar på ei melding?


Tenesta er ikkje ei akutt-teneste. Du kan forvente svar på meldingar innan ein virkedag etter at du har sendt meldinga. Viss du vil avbestille eit planlagt heimebesøk på kort varsel, eller avklare andre ting som hastar, må du ringje eininga du får tenester frå.

Kontakt og rettleiing

Har du spørsmål om bruk av den digitale løysinga, ring Veiledning Helsenorge på 23 32 70 00.
Kvardagar kl. 08:00 - 15:30.  

 

Kommunale helsetjenester på Helsenorge on Vimeo