Adresse
Helsetunvegen 17, 3570 Ål
Korttidsplass
Gjestetunet - ei aktiv korttidsavdeling i hjarta av Ål sentrum
Me er Ål kommune sin korttids-og rehabiliteringsavdeling og held til i nye, moderne lokaler på Ål helsesenter, T-bygget, plan 2.
Avdeling Gjestetunet er ei ny og moderne korttidsavdeling med totalt 16 plassar. Avdelingen har enerom av god størrelse med store vindu som gir mykje lys og utsikt.
Pasientrom.
Me har lyse og fine fellesarealer med utgang til stor terrasse og tilgang til sansehage i 1.etg.
Uteplass.
Tv-stue
Spiserom.
VÅR VISJON;
Me ynskjer å vera ei avdeling der pasienten blir møtt med høg grad av faglig kompetanse, profesjonalitet, respekt og likeverdige helsetjenester.
Me har eit solid tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiarar, fagsjukepleiar, helsefagabeiderar og assistentar. Avdelingen har god legedekning med eigen sjukeheimslege.
Avdelingen har korttidsplassar for rehabilitering, avklarte akuttopphold, somatikk og palliativ pleie.
Gjestetunet skal gi eit tilbod til heimebuande pasientar, som blir utskriven frå sjukehuset, treng avklaring, rehabilitering og opptrening for å kunne koma heim att. Målet er å kunne bu heime lengst mogeleg.
Me tilbyr følgende opphold;
Korttidsopphold
Avdelingen kan tilby korttidsopphold for heimebuande som treng det etter henvisning frå fastlege. Under dette oppholdet vektlegg ein tverrfagleg kartlegging av fysisk og kognitiv funksjon, og det totale omsorgsbehovet.
Pasientar på korttidsopphold må betale eigenandel for oppholdet. Prisen vert regulert årleg etter statens satsar, og inkluderer opphald, mat, medisiner, utstyr, legetilsyn m.m.
Øyeblikkelig hjelp
Pasientar som kommunen sjølv har mogelegheit til å utrede, behandle eller yte omsorg til, kan tilbys eit øyeblikkelig hjelp-opphold. Behandlingsopplegget må då vera avklara på forhånd av innleggande lege. Kommunen legg eigne forsvalegheits-vurderingar til grunn for kvart enkel innleggelse. I dei tilfellene det er tvil, skal pasientane leggast inn på sjukehus.
Avlastningsopphold
Av og til kan avdelingen tilby avlastningsopphold, om det er kapasitet til å ta imot på gitt tidspunkt. Dette tilbodet gjeld når pårørande treng avlastning frå tyngande omsorgs-oppgåver. Avlastningsopphold er gratis, og inkluderer stell, pleie og mat. Pasienten har med egne medisiner og eget medisintekninsk utstyr.
For meir informasjon om avdelingen, trykk på linken under , og sjå vår flotte velkomstbrosjyre:
Link til brosjyre for avdelingen
Kontakt;
Tlf avdeling Gjestetunet: 32085210
Avdelingsleder Kari Stensaker: 32085212
Ansvarssykepleier på vakt: 95961400
Besøksadresse/Postadresse:
Ål Helsesenter avd Gjestetunet
Helsetunvegen 17
3570 Ål
Langtidsplass
Langtidsplass ved Ål Helsesenter er eit bu- og behandlingstilbod i dei tilfella der pleie- og omsorgstenestene ikkje kan gi tilstrekkeleg hjelp til brukaren i eigen heim.
Alle kan få tildelte denne tenesta uavhengig av alder, men flest brukarar er over 65 år.
Tenesta blir tildelt dei som har samansette pleie- og omsorgsbehov som det ikkje er føremålstenleg å dekkje ved heimetenester. Tenesta blir tildelt ut ifrå ei samla vurdering av:
- brukaren sin situasjon og eigenvurdering
- pårørande sine vurderingar
- legeopplysningar
- tverrfagleg vurdering av helsesituasjonen til brukaren
Endra pleie- og omsorgsbehov kan gi grunnlag for:
- utskriving til heimen
- overflytting til anna avdeling ved institusjonen eller annan helseinstitusjon
Tenesta omfattar døgnkontinuerleg tilsyn og hjelp for å meistre aktivitetar i dagleglivet.
Korleis få tenesta
Melding om behov for tenester frå helse- og omsorgssektoren
Du kan kontakte omsorgskontoret eller servicetorget i kommunen for å få hjelp til å melde behov for tenester. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gi ei skriftleg fullmakt som blir lagt ved søknaden.
Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ei heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet.
Lovheimel
Tenesta blir tildelt etter Helse- og omsorgstenestelova.
Klage
Viss du ønskjer å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Klaga skal bli sendt til Tildelingsteamet, Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Statsforvaltaren i Viken fylkeskommune.
Pris
Sjå Ål kommune sine betalingssatsar for opphald i institusjon.
For meir informasjon, kontakt:
Omsorgskontoret tlf. 32 08 52 73
Avdeling Stugu, avd.leiar, tlf. 32 08 52 22
Servicetorget Ål kommune tlf. 32 08 50 00
Forskrift langtidsopphald i Ål
Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim i Ål k..pdf
Avlasting i institusjon
Avlasting ved Ål Helsesenter er eit bu- og behandlingstilbod til brukarar med pårørande som har behov for avlasting. Avlasting blir gitt i ei tidsavgrensa periode.
Tenesta blir tildelt ut ifrå ei fagleg vurdering der pårørande har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
Korleis få tenesta
Melding om behov for tenester frå helse- og omsorgssektoren
Du kan kontakte omsorgskontoret eller servicetorget i kommunen for å få hjelp til å melde behov for tenester. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gi ei skriftleg fullmakt som blir lagt ved søknaden. Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ein heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet.
Lovheimel
Tenesta blir tildelt etter Helse- og omsorgstenestelova.
Klage
Viss du ønskjer å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er mottatt. Klaga skal bli sendt til Tildelingsteamet, Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Statsforvaltaren i Viken fylkeskommune.
Pris
Avlasting er gratis. Tenesta omfattar kost og losji. Tenesta omfattar ikkje fysioterapi, legetenester osv. Brukarar må ha med ev. eigne medisinar under avlastingsopphaldet.
For meir informasjon, kontakt:
Omsorgskontoret tlf. 32 08 52 73
Avdeling Tunet, avdelingsleiar tlf. 32 08 52 12.
Servicetorget Ål kommune tlf. 32 08 50 00
Dagtilbod
Dagsenter for hukomelsessvikt er eit aktiviseringstilbod for heimebuande med demens.
Tenesta kan gi brukaren høve til å bu lengre i eigen heim, gi brukaren ein meiningsfull kvardag, førebyggje auka hjelpebehov, og gi avlasting for pårørande. Tenesta blir tildelt heimebuande med demenssjukdom.
Dagsenteret er ope måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 08.00-15.00.
Tenesta omfattar transport tur/retur eigen heim, og det blir servert to måltid i løpet av dagen. Det foregår sosiale aktivitetar. Det er mogleg å kvile i eige kvilerom under opphaldet.
Korleis få tenesta
Melding om behov for tenester frå helse- og omsorgssektoren
Du kan kontakte omsorgskontoret eller servicetorget i kommunen for å få hjelp til å melde behov for tenester. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gi ei skriftleg fullmakt som blir lagt ved søknaden.
Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ei heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir gjort vurderingsbesøk for å kartleggje behov og gi informasjon om tilbodet. Det kan bli søkt om opphald frå 1-4 dagar i veka.*
Søknaden blir behandla i Tildelingsteamet.
Lovheimel
Tenesta blir tildelt etter Helse- og omsorgstenestelova.
Klage
Viss du ønskjer å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er mottatt. Klaga skal bli sendt til Tildelingsteamet, Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.
Siste klageinstans er Statsforvaltaren i Viken fylkeskommune.
Pris
Sjå Ål kommune sine betalingssatsar for opphald i institusjon.
For meir informasjon, kontakt:
Omsorgskontoret tlf. 32 08 52 73
Avdeling Stugu, avdelingsleiar tlf. 32 08 52 22
Servicetorget Ål kommune tlf 32 08 50 00
Demensteam
Ål kommune oppretta demensteam i 2010.
Teamet består av ein sjukepleiar, Gunn Elèn Hansen, ein ergoterapeut, Tove Bråten, og ein fysioterapeut, Live Magnetun.
Demensteamet sine oppgåver er:
- Å samarbeide med fastlege om kartlegging, utreiing og oppfølging ved mistanke om kognitiv svikt og demens.
- Å tilby heimebesøk og pårørandesamtaler.
- Å informere om kommunen sine tenestetilbod.
- Å vere behjelpeleg med å finne fram til gode tenester og hjelpemidlar.
- Bidra til å utvikle demensomsorga i kommunen.
- Gi informasjon og undervisning om demens til helsepersonell, lag, organisasjonar og kommunen sine innbyggjarar generelt.
- Arrangere pårørandeskole – eit tilbod til pårørande.
Kva er demens?
Demens skuldast hjerneskader som kan kome av fleire ulike hjernesjukdommar, og kjenneteiknast ved kognitiv svikt, endringar i kjensler og personlegheit, samt redusert evne til å fungere i dagleglivet. Det viktigaste kognitive kjenneteiknet er redusert hukommelse. Demens er ein langvarig og kronisk tilstand som påverkar heile livssituasjonen både for dei som er sjuke, og deira pårørande gjennom mange år.
I tillegg til redusert hukommelse, vil det vanlegvis vere språksvikt, rom- og retningsproblem og redusert evne til å forstå og planlegge. Mange vil i startfasen kunne vere deprimerte, engstelige, irriterte og trekke seg tilbake. Lenger ut i prosessen vil det finne stad større endringar i personlegheit og veremåte. Nokon kan få hallusinasjonar og vrangførestellingar.
(Informasjon frå nettsida til Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse)
Målet med demensutreiing?
Riktig diagnose til rett tid slik at personar med demens får god oppfølging og tilrettelagte tenester ut i frå sitt individuelle behov. Dette kan bidra til auka trivsel og ein betre kvardag for både pasient og pårørande.
Kven kan ta kontakt med oss?
- Enkeltpersonar, pårørande og vener kan ta uforpliktande kontakt.
- Helsepersonell i kommunen.
- Fastlegar.
Kontaktinformasjon
Telefon: 32 08 53 48
Mobil: 904 08 338 eller 971 98 159
E-post:
Gunn-Elen.Hansen@aal.kommune.no
Tove.Braten@aal.kommune.no
Live.Magnetun@aal.kommune.no
Andre nyttige telefonnummer:
Nasjonalforeningen si demensline:
Tlf: 815 33 030 (måndag til fredag frå 9-15).
E-post: demenslinjen@nasjonalforeningen.no
Du kan lese meir om demens på:
www.nasjonalforeningen.no
www.helsenorge.no
www.aldringoghelse.no
Fritidstilbod for eldre
Frisør
Frisør ved Ål Helsesenter:
Olga Taktayeva tlf. 948 96 725
Fotpleiar
Silje Søderlund - tlf. 32 08 52 53 / 456 13 670
Kafeteria
Kafeteria ved Ål Helsesenter. Her tilbys sal av varm middag inkl. dessert og kaffe i tillegg til andre kantinemåltider.
Kafeteriaen er ope alle kvardagar frå kl. 10.30 - 14.30
I helgene er kafeteriaen ope for middagssal frå kl. 13.00 - 14.00
Prisar:
Middag og dessert/suppe, heil porsjon med kaffe kr. 110,-
Middag og dessert/suppe, halv porsjon med kaffe kr. 100,-
Middag og dessert/suppe, mini porsjon med kaffe kr. 80,-
I disken har vi påsmurte baguettar, rundstykker, kaker, frukttallerken m.m. Nysteikte vaflar og salatbar.
Onsdagane i vinterhalvåret tilbys det varm lunch. Det varierar mellom lasagne, bakt potet, pizza med salat, hamburger, karbonadesmørbrød og omelett.
Ved ønske om mat til arrangementar, selskap og anna kan du ta kontakt med kantineleiar Solveig Strendo på tlf. 32085256 eller 90186991.
Velkommen inn!
Ynskjer du å gje ei gåve til Ål Helsesenter?
Gåver til Ål Helsesenter kan overføres til kontonummer: 2320 32 10094.
Detta vil delast likt på dei ulike avdelingane.