HC-kort
Du kan søkje om parkeringsløyve (HC-kort), dersom du som bilførar eller passasjer har eit særleg behov for parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og anna aktivitet.
Søkjarar med begrensa gangevne og som har problem med å finna parkering tett ved bustad, arbeidsplass og behandlingsinstitusjonar har prioritet ved tildeling av parkeringsløyve.
Institusjonar som disponerar spesialinnreia bil for transport av forflyttingshemma. Dette gjeld på HC-plassar med offentleg trafikkskilt.
Krav og kriterier til søkjar
Tildeling som sjåfør
- Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega deg.
- Du må dokumentere eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader der du ikkje har høve til å nytte det ordinære parkeringstilbodet. Dette kan for eksempel vera ved bustad, arbeidsplass, legekontor, sjukehus, eller andre medisinske behandlingsstader.
- I tillegg må du dokumentere kor ofte du har behov for å besøkja desse stadane.
Dersom du tidlegare har fått innvilga parkeringskort og denne har gått ut, må du søkje på nytt, det er ikkje lenger mogleg med fornying av parkeringskort.
Tildeling som passasjer
- Passasjeren må ha legeerklæring som dokumenterer at han eller ho ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega seg.
- Det må dokumenterast at passasjeren ikkje kan forlatast utan tilsyn, sjølv for kortare tid. Eksempel på dette kan vera sterkt psykisk utviklingshemma barn opp til ein viss alder og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv.
- Passasjeren må dokumentera eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader, der han eller ho ikkje har høve til å nytte det ordinære parkeringstilbodet. Dette kan for eksempel vera ved bustad, arbeidsplass, legekontor, sjukehus, eller andre medisinske behandlingsstader.
- Passasjeren må dokumentere kor ofte han eller ho har behov for å besøkje desse stadane.
Dersom du tidlegare har fått innvilga parkeringskort og denne har gått ut, må du søkje på nytt, det er ikkje lenger mogleg med fornying av parkeringskort.
Prioritering av søkjarar
Søkjarar som har rullestolheis eller rampe i bilen vert prioritert. Etter forskrifta skal behov for parkeringslette i samband med arbeid eller bustad vektleggjast. I tillegg er det forvaltningspraksis på at det med «anna aktivitet» meinast søkjarar som har regelmessig helserelaterte avtalar på stader der det er vanskeleg å parkere, vert prioritert.
Kven vert ikkje prioritert?
- Søkjarar som berre har sporadiske behov for parkeringslette
- Søkjarar som primært har behov for parkeringslette i samband med handling og sosiale aktivitetar
- Søkjarar som i hovudsak kan nytte ordinære parkeringsplassar eller andre alternative løysingar. Til dømes utløyser ikkje behov for handling, deltaking i sosiale aktivitetar eller problematikk knytt til bæring i seg sjølv rett til parkeringsløyve.
Det vert gjort ein heilhetsvurdering av aktivitetar der det er behov for tilrettelagt parkering. Det er difor viktig at du skriv alt du meiner er relevant for søknaden.
Slik søkjer du
Her finn du søknadsskjema:
Søknad om parkeringstillatelse for forflytningshemmede.pdf
Vedlegg du må laste opp saman med elektronisk søknad:
- Legeerklæring
- Kopi av gyldig legitimasjon (søkjer som passasjer)
- Kopi av gyldig førarkort (søkjer som bilførar)
- Bilete av deg i passfotoformat av ny dato
Kommunen hentar inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere søknaden. Deretter vert vedtak fatta med grunngjeving. Dersom du treng meir informasjon om saka di kan du ta kontakt med kommunen og saksbehandlar.
Sakshandsaming
Slik vert søknaden handsama
Kommunen skal behandle søknaden med nødvendig dokumentasjon så snart som mogleg og innan 1 månad. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan den tid, skal du få skriftleg tilbakemelding om årsak og informasjon om når du kan forventa at vedtak vert fatta.
Ufullstendige søknader vert ikkje behandla før kommunen har mottatt gyldig dokumentasjon. Du vil få melding om at søknaden din er ufullstendig.
Klage
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå motteke svar. I klagen må du beskrive kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjersle, vert saka sendt vidare til kommunen si eiga klagenemnd, som gjer endeleg vedtak i saka.
Kor kan du parkere med parkeringskort?
Ved parkering skal kortet liggje godt synleg bak frontruta for kontroll.
- På reserverte offentlege parkeringsplassar for forflyttingshemma
- På avgiftsbelagde offentlege parkeringsplasser utan å betala avgift
- På offentleg parkeringsplass med skilta tidsavgrensing frå 30 minutt og oppover med inntil dobbel tid. Dette gjeld ikkje på parkeringsplassar for forflyttingshemma med oppgitt tidsavgrensing.
- På stader der det er innført bustadsoneparkering
Ofte stilte spørsmål
Eg kan ikkje køyre sjølv lengre. Kan eg bruke kortet som passasjer?
Nei, kortet må leverast inn. Ønskjer du å søke om kort som passasjer, må du sende ny søknad.
Er det tilstrekkeleg at legen tilrår løyve?
Nei. Legeerklæringa dannar berre det medisinske grunnlaget for vurderinga. Du må også kunne dokumentere at du har eit særleg behov for parkeringslette utanfor bustad, arbeid og/eller annan aktivitet.
Kvifor må eg i søknaden oppgje adresser på stader kor eg skal parkere, kva eg skal og kor ofte eg skal dit?
Kommunen skal vurdere behovet ditt for parkeringslette. Normalt vil det difor vere behov for at du som søkjar gir informasjon om stader du har parkeringsbehov, adresse til parkeringsområdet, samt kor ofte du besøkjer dei aktuelle stadene. Opplysningane om dine behov og kor viktig desse er, gir oss viktig informasjon for å kunne treffe riktig avgjersle, samstundes som det forenklar sakshandsaminga vår.
Kan eg parkere på HC-plass og følgje passasjeren inn?
Av- og påstiging på HC-plass er tillate. Du kan parkere på HC-plass og følgje passasjeren inn til bestemmelsesstaden, for så å flytte bilen til ordiner parkeringsplass. Dersom passasjer har HC-kort treng ikkje førar å flytte bilen frå HC-plassen.
Kan eg bruke piggdekk utan å betale avgift når eg har HC-kort?
Ja, når du som eig kortet er med i bilen. Bruker andre bilen utan at du er med, må dei kjøpe piggdekkoblat. Dette kan kjøpast gjennom parkerings-appen til dei kommunane som har piggdekkgebyr.
Eg har fått ny bil. Er kortet mitt framleis gyldig?
Parkeringsløyvet gjeld deg som person, og ikkje bilen. Kortet er difor utan registreringsnummer og kan brukast i kven som helst sin bil så lenge du er med i bilen.
Eg har mista HC-kortet - kva gjer eg?
Du må melde kortet tapt/stole til politiet. Hos politiet får du ein tapsmelding/stadfesting på meldinga. Ta med denne og nytt bilde av deg sjølv til Ål kommune og me lagar nytt kort til deg.
Parkeringsløyvet nærmar seg utløpsdato. Kva skal eg gjere?
Dersom du framleis har behov for parkeringsløyve etter utløpsdatoen på kortet ditt, må du søkje på nytt før kortet går ut. Kommunen må gjere ei ny vurdering fordi det kan ha skjedd endringar i situasjonen din som gjer at parkeringsbehovet ditt kan ha endra seg, for eksempel fordi du har bytta bustad eller arbeidsstad.
Skal du søkje på nytt er det lurt å vere ute i god tid, men tidligast tre månader før inneverande parkeringsløyve utgår.
Korleis får eg utlevert parkeringskortet?
Ved innvilga søknad om parkeringskort kan du hente det på Servicetorget på Tingstugu v/Ål Kommune. Hugs legitimasjon.
TT-kort
TT står for tilrettelagt transport. Det er ei ordning der funksjonshemma som ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet, kan få økonomisk støtte til reiser.
På heimesida til Buskerud Fylkeskommune finn du meir informasjon om TT-kort