Ungdata
Korleis er det å vere tenåring i Ål?
På oppdrag frå Ål kommune gjennomførte forskingsinstituttet NOVA ved OsloMet og Kompetansesenter rus - region sør (KoRus Sør) ei kartlegging av viktige sider ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunen.
Les rapporten her:
Nøkkeltallsrapport Ål ungdomsskule 2021.pdf
HallUng
Ungdomsklubb for alle i Hallingdal frå 15.00 til 19.00 på Sundrehall kvar tysdag og torsdag!
Aldersgruppe: 13 til 16 år
På HallUng kan vi mellom anna arrangere temafestar, workshops, dancecamps, LAN-party og mykje meir. Vi har også moglegheit til å skaffe midlar og organisere aktivitetar og utflukter utanfor HallUng.
Har de tankar eller idear? Kom med dei! 😊
Sjå meir informasjon her: Ål ungdomsfrivilligsentral - HallUng
BUA
På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis!
Aldersgruppe: For alle
På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Vi har sjølvbetjent filial på Samhald Bygdesenter. Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.
Aldersgruppe: For alle
Fast opningstid BUA Ål på kulturhuset er tysdag og torsdag - mellom kl 14.30 - 17.00
Du kan låne gratis fritidsutstyr inntil 1 veke.
For å låne utstyr, må du registrere deg inn med brukar på www.bua.no
Her kan du også sjå kva utstyr vi har inne til ei kvar tid.
På BUA gjeld alltid "fyrste mann til mølla". Det er ikkje anledning til å reservere utstyr.
Ungdomskonsulenten
Ungdomskonsulenten er organisert under Familiens Hus, og er tilgjengeleg der ungdom er.
Ungdom med MOT
For dei som ynskjer å vite meir om MOT:
Ål ungdomsråd
Ungdomsrådet er eit rådgivande medverknadsorgan i kommunen jf. kommunelova § 5-12 fjerde ledd. Ungdomsrådet består av inntil 15 medlemmer og 9 varamedlemmer. Eitt medlem frå kvar klasse på ungdomstrinna (8., 9. og 10. trinn). Elevar i videregåande skule kan halde fram som medlemmer etter ungdomsskulen om dei ynskjer det. Ungdomsrådsrepresentantane vert valt av kommunestyret for eitt år om gangen, og funksjonstida følgjer skuleåret.
Medverknadsorgana er partipolitiske uavhengige og rådgjevande organ. Alle saker som gjelder ungdom kan leggast fram for ungdomsrådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Formålet med ungdomsrådet er å bidra til å sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet fordeler midlar frå kontoen for sals- og skjenkeavgifter.
Ein representant fra ungdomsrådet sit i Hallingdal ungdomsråd (HUR).
Helsestasjon for ungdom
Informasjon om helsestasjon for ungdom finn du her.