Sommaren 2023 får nemleg alle unge vaksne mellom 18 og 30 år som er tilsett i Ål kommune - enten dei er ferievikarar, fast tilsette eller lærlingar - tilbod om å vere med på “fjellspire”.
Gjennom fjellspire-opplegget blir det organiserte fjellturar, grilling, badeturar, sykling og moglegheit for å bli med på konsertar eller andre arrangement.
Aktivitetane blir stort sett på ettermiddags- og kveldstid, slik at du kan bli med etter jobb. Nokre aktivitetar er gratis, nokre blir sponsa av Ål kommune og på nokre må du betale ein liten eigenandel. Sjå eksempel på kva som kjem på fjellspire-programmet lengre ned.
Gjennom fjellspire vil du bli kjent med tilsette på tvers av avdelingar, og med aktivitetar og plassar i Ål som du kanskje ikkje har vore på før.
For deg mellom 18 og 30 år
Alle som er mellom 18-30 år og som har jobb i Ål kommune i perioden juni-august kan bli med på opplegget, uansett om du bur her fast eller berre er her på besøk i sommar.
Program og påmelding til å bli med på fjellspire blir sendt ut i midten av mai til alle som er mellom 18-30 år og enten jobbar som vikar, fast tilsett, lærling, er i praksis eller har fått sommarjobb i Ål kommune.
Velkomen til ein magisk sommar i Ål!
Aktivitetar som vil bli ein del av fjellspire-programmet:
- Stisykling med shuttlebuss i regi av Ål adventure
- Nærturar til fjella i Ål
- Grilling og sosiale treff
- Konsert: Hellbillies på heimebane
- Bading i Lya
Og mykje meir!