Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Varsling

Varsling og informasjon ved hendingar

Nødvarsel

Nødvarsel blir sendt via mobilnett og ut til alle mobiltelefonar i eit definert område, og skal nyttast til å varsle befolkninga om akutte og alvorlege hendingar som trugar liv og helse.

Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva ein bør gjere for å beskytte seg sjølv. I fredstid er det kun politiet som sender ut nødvarsel.
I krig kan Sivilforsvaret også vere avsendar.

Nødvarsel er eit supplement til dei kanalane som allereie blir brukt for å varsle befolkninga – altså eit tillegg til tyfonvarsling og til politiet sine etablerte varslingsrutiner.

Les om nødvarsel på mobil

Radio

NRK P1 er den nasjonale beredskapskanalen for informasjon ved ei akutt hending. Informasjonen blir sendt over DAB-nettet.

Radio Hallingdal har informasjon ved lokale og nasjonale hendingar. Informasjonen sendes over FM-nettet. 

Frekvens Radio Hallingdal: 106,7 MHz

 

Informasjon fra Ål kommune

Ved ei akutt hending vil Ål kommune forsøke å informere på følgjande kanalar:

Ved bortfall av EKOM (internett, mobil..) får du informasjon på oppmøtestadene våre: 

Oppmøteplass kor nødetatane vil befinne seg:

  • Ål helsetun/legevakt, Helsetunvegen 11, 3570 Ål  

Informasjonspunkter:

  • Samhald Snarkjøp Nordbygdvegen 793, 3570 Ål
  • Torpo skule Skulebakken 3, 3579 Torpo  

Møt opp på oppmøtestad for akutt hjelp frå nødetater ved utfall av telefonnettet. 

Her finn du plakat om oppmøtestadene

Kontakt

For varsling, ta kontakt med nødetatane:

  • Brann 110
  • Politi 112
  • Ambulanse 113

I ein krisesituasjon vil kontaktnummeret til Ål kommune vere 3208 5000.