Ål kommune har eit lager av jod-tablettar, og ein plan for distribusjon ved ei atomhending. Anna atomberedskap blir beslutta nasjonalt.
Jodtablettar
Jodtablettar forebygger at radioaktivitet blir teke opp i skjoldbruskkjertelen, og reduserer risiko for kreft. Tablettane skal kun takast etter råd frå myndigheitene.
Ål kommune har eit lager med jodtablettar, men oppmodar alle til å ha dette i eigenberedskapslageret dersom ein har personar som kan bli tilrådd å ta jodtablettar ved ei atomhending.
Dette er personar under 40 år, gravide og ammande.
Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apoteka.
Atomberedskap
Atomberedskapstiltak blir beslutta på nasjonalt nivå av Kriseutvalget for atomberedskap.