Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vaksinering 2026

Eit tilbod til dei som inngår i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Alle over 65 år og yngre i risikogrupper

Det er KUN er dei som er inkludert i vaksenvaksinasjonsprogrammet som kan få vaksiner i idrettshallen. Det vil seie alle over 65 år og yngre risikogrupper.
Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til befolkninga i kommunar i heile landet om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper.

I tillegg får 65-åringar (født i 1961) tilbod om vaksine mot pneumokokksykdom (pneumokokk = lungebetennelse)
Dei som er fødd i 1960 og som ikkje tok pneumokokkvaksine ifjor kan få den i år til samme pris i idrettshallen.

Dei over 65 år som ynskjer pneumokokkvaksine må ta kontakt med fastlegen.


FHI si anbefaling om oppfriskningsdose for korona gjeld dei som er 75 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper, men alle mellom 65-74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei sjølv ynskjer det. 

Målet med vaksinasjonsprogrammet er å forebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil bli sendt påminningar til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinasjonstilbodet.

Ål kommune har tilbod om vaksinasjon for dei som kjem inn under vaksenvaksinasjonsprogrammet i Ål Idrettshall.

Oppmøte etter dette oppsettet i Ål idrettshall:

Tirsdag 27.oktober

  • 09.00 - 12.00 for de med etternavn A-G
  • 12.30 - 15.00 for de med etternavn H-M 

Onsdag 28.oktober

  • 09.00 - 12.00 for de med etternavn N-S
  • 12.30 - 15.00 for de med etternavn T-Å 

Torsdag 26.november - Oppsamlingsdag   

  • 09.00 - 12.00 og 12.30 - 15.00 

Målgrupper for influensavaksinasjon risikogrupper:

Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom og er difor anbefalt å ta influensavaksine:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3.trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.

Barn og vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • kronisk hjarte-/karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk), spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
  • diabetes mellitus, type 1 og 2
  • kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
  • nedsatt immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lekjar (t.d. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert nokon annan stad)

Risikogrupper inkludert i vaksinasjonsprogram for Koronavaksine

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 75 år

Personar i alderen 18-74 år med:

  • kronisk lungesjukdom med nedsatt lungefunksjon, og astma
  • kronisk hjarte-/karsykdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
  • diabetes
  • kronisk alvorleg leversjukdom
  • kronisk alvorleg nyresjukdom
  • kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsatt funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, t.d. ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sykdom eller ALS
  • nedsatt immunforsvar grunnet sjukdom og/eller immundempande behandling, ved t.d organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der covid-19 utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personer med medfødte kromosomavvik (t.d  Downs syndrom) og genetiske syndrom. 

Personar opp til 18 år med følgjande alvorlege tilstandar eller grunnsjukdommar kan ha auka risiko for alvorleg covid-19, og er difor anbefalt vaksine mot covid-19. Barn i alderen 6 mnd. til 11 år bør vurderast individuelt av lege før vaksinasjon:

  • Gjennomført organtransplantasjon 
  • Immunsvikt (t.d medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
  • Hematologisk kreftsjukdom (t.d. leukemi, lymfom) siste fem år
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller nedsatt lungefunksjon
  • Kronisk alvorleg leversjukdom
  • Kronisk alvorleg nyresjukdom med betydeleg nedsatt nyrefunksjon
  • Alvorleg hjartesjukdom (barn med hjertesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammer-sykdom/«Fontan-barn»)
  • Alvorleg lungesjukdom (t.d. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har behøvd akutt sjukehusinnleggelse det siste året)

Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der covid-19 utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av barnelege, t.d personar med medfødte kromosomavvik (t.d Downs syndrom) og genetiske syndrom. 

 

Prisar for vaksinasjonsprogrammet i alle kommunar i Hallingdal: 

Vaksenvaksinasjonsprogram  
Koronavaksine 110,-/85,- *
Pneumokokkvaksine 110,-/85,- *
Influensavaksine 308,-

* - dersom ein set fleire vaksiner samtidig. 

Sist endret: 28.09.2026