Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til befolkninga i kommunar i heile landet om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper.
I tillegg får 65-åringar (født i 1960) tilbod om vaksine mot pneumokokksykdom. Dei over 65 år som ynskjer pneumokokkvaksine må ta kontakt med fastlegen. FHI si anbefaling om oppfriskningsdose for korona gjeld dei som er 75 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper, men alle mellom 65-74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei sjølv ynskjer det. Målet med vaksinasjonsprogrammet er å forebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil bli sendt påminnelsar til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinasjonstilbodet.
Ål kommune har tilbod om vaksinasjon for dei som kjem inn under vaksenvaksinasjonsprogrammet i Ål Idrettshall 21., 22., 23 Oktober kl 09:00 - 14:30, samt torsdag 20. November (oppsamling) kl 10:00-14:00
Oppmøte etter dette oppsettet:
Tirsdag 21.oktober:
09.00 - 12.00 for dei med etternavn A-F
13.00 - 15.00 for dei med etternavn G-K
Onsdag 22.oktober:
09.00 - 12.00 for dei med etternavn L-Q
13.00 - 15.00 for de med etternavn R-U
Torsdag 23.oktober:
09.00 - 12.00 for dei med etternavn V-Y
13.00 - 15.00 for dei med etternavn Z-Å
Torsdag 20.november
09.00 - 12.00 og 13.00 - 15.00 Oppsamlingsdag
Målgrupper for influensavaksinasjon Risikogrupper:
Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og er difor anbefalt å ta influensavaksine:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3.trimester). Gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine.
- Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- kronisk hjarte-/karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk), spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon.
- diabetes mellitus, type 1 og 2
- kronisk leversvikt
- kronisk nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsatt immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lekjar (t.d. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert nokon annan stad)
Risikogrupper inkludert i vaksinasjonsprogram for Koronavaksine
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
- Alle frå fylte 75 år
- Personar i alderen 18-74 år med
- kronisk lungesjukdom med nedsatt lungefunksjon, og astma
- kronisk hjarte-/karsykdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
- diabetes
- kronisk alvorleg leversjukdom
- kronisk alvorleg nyresjukdom
- kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsatt funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, t.d. ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sykdom eller ALS
- nedsatt immunforsvar grunnet sjukdom og/eller immundempande behandling, ved t.d organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
- fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
- anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der covid-19 utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personer med medfødte kromosomavvik (t.d Downs syndrom) og genetiske syndrom.
- Personar opp til 18 år med følgjande alvorlege tilstandar eller grunnsjukdommar kan ha auka risiko for alvorleg covid-19, og er difor anbefalt vaksine mot covid-19. Barn i alderen 6 mnd. til 11 år bør vurderast individuelt av lege før vaksinasjon:
- Gjennomført organtransplantasjon
- Immunsvikt (t.d medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
- Hematologisk kreftsjukdom (t.d. leukemi, lymfom) siste fem år
- Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
- Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller nedsatt lungefunksjon
- Kronisk alvorleg leversjukdom
- Kronisk alvorleg nyresjukdom med betydeleg nedsatt nyrefunksjon
- Alvorleg hjaertesjukdom (barn med hjertesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammer-sykdom/«Fontan-barn»)
- Alvorleg lungesjukdom (t.d. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har behøvd akutt sjukehusinnleggelse det siste året)
- Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der covid-19 utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av barnelege, t.d personar med medfødte kromosomavvik (t.d Downs syndrom) og genetiske syndrom.