Hallingdølen skriv dette:
– Det slo oss i møte med statsforvaltaren at dette kunne vere ein fin måte å gjera det på, seier ordførar i Ål, Jørund Li.
Gravferda skjer onsdag 9. september. Klokka 12 opnar dørene til storesalen i Ål kulturhus. Der er det berre å møte fram viss ein ønskjer å vera med på visninga av den historiske hendinga.
– Det blir eitt minutts stillheit klokka 13. Vidare følgjer me overføringa av gravferda, seier Li.
Kommunen har ikkje fått direkte spørsmål om ei slik løysing, men etter møte med statsforvaltaren slo det dei at dette kunne vere ein fin ting å gjera. Signalet frå statsforvaltaren var at det er opp til kvar kommune å vurdere slike tiltak.
Lokala i kulturhuset eignar seg godt til ei slik markering, meiner ordføraren.
– I sommar møttest folk rundt noko fint, fotball-VM. Så ser me det store oppbodet på Slottsplassen etter kong Haralds bortgang. Folk har gjerne behov for å vera saman i sorga. Derfor opnar me kulturhuset, seier Jørund Li.
Her finn de lenke til Hallingdølen