Ål kommune har teke i bruk vassmålaravlesing på SMS.
SMS blir sendt ut frå eit 14-sifra nummer den 17. desember.
Du blir bede om å svare på SMS-meldinga og gje opp målarstand på vassmålaren din. Dei raude sifra skal ikkje vera med.
Dei vi ikkje når via SMS, Altinn eller digital postkasse får avlesingskortet i posten. Gje gjerne opp mobilnummer så me kan sende SMS ved neste avlesing. Rapporter inn vassmålarstand til leseav.no, eller frankere og returnere kortet til Ål kommune, Torget 1, 3570 ÅL.
Du kan ôg sende det til postmottak@aal.kommune.no, eventuelt levere det på Tingstugu.
Svarfrist er fredag 26. desember.
Dersom du ikkje svarar, får du påminning som ny SMS den 29.12.25 med svarfrist 5. januar 2026.
Dersom du ikkje kan lesa av målaren innan fristen, kontakt Servicetorget på telefon 32085000 eller send e-post til postmottak@aal.kommune.no.
Når du har lese av får du ein SMS. Dersom avlesinga er korrekt utført, får du melding om at forbruket er registrert. Skulle du ha gjort ein feil (t.d. skrivi tekst) får du melding om å lese av på nytt/sende inn på nytt.
Registrering av mobiltelefonnummer:
Det finst fleire offentlege register der du kan registrere mobilnummeret ditt. Det er ôg oppretta eit register knytt til SMS-tenesta.
Her er to alternativ for registrering:
Bedrifter:
Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å få inn på varslemeg.no fordi telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.