Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Utmarksoppsynet

Sommarsesongen er i gang

Denne sommaren har vi to personar ute i felten for å sjå at alt er bra med vilt, beitedyr og natur. Ola Vaagan Slåtten og Malin Fossheim Svimbil er uniformerte utmarksoppsyn.

Dei har avgrensa politimynde, og er uniformert på oppdrag.
Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Ål, driv tilsyn med beitedyr og fører tilsyn etter relevante lovverk.
Dersom du treffer dei i marka er det berre å ta kontakt anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarta.

Det er faglaga for landbruket i Ål har teke initiativ til å få etablert eit organisert utmarksoppsyn.

Ansvarleg for utmarksoppsynet er Ål Sankelag.
Dersom du har noko å melde, ta kontakt på vakttelefon: 476 71 651

Sist endret: 11.10.2024