Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ungdata - undersøkinga

Rapporten frå Ål ungdomsskule er klar

Vinteren 2025 svara 139 ungdommar i Ål kommune på spørsmål om ulike sider ved livet sitt, som helse og livskvalitet, vennskap, familie, skule,
nærmiljø og fritidsaktivitetar.
Denne rapporten inneheld resultata frå undersøkinga og forslag til vidare tiltak. Målet med denne rapporten er å gi eit breitt og oppdatert bilete av korleis ungdommane har det, og kva dei driv med i fritida.
Resultata gir eit kunnskapsgrunnlag for lokal politikkutforming innan oppvekst- og folkehelseområda (Bakken, 2024).

Ål kommune har gjennomført Ungdata
som undersøking fleire gongar tidlegare (2013, 2017, 2020, 2021).
Eit overordna mål i folkehelsearbeidet er å fremje og oppretthalde god helse og livskvalitet blant barn og unge. Familie, venner, skule, fritid og
nærmiljø er alle faktorar som har betydning for helse og livskvalitet. Det same gjeld ulike typar handlingar og åtferd, slik som fysisk aktivitet,
kosthald, søvn og bruk av rusmiddel. Spørsmåla i undersøkinga og innhaldet i denne rapporten, dekker mange av desse aspekta. Du finn rapporten her:

Ungdata Ål ungdomsskule.pdf

Sist endret: 22.12.2025