Buskerud fylkeskommune gjennomfører spørreundersøking om skoleveg.
Spørreundersøkinga blir sendt ut på e-post til alle foreldre/føresette til barn i 1.–7. klasse i veke 41. Undersøkinga skal gjennomførast i hele Buskerud.
Kvifor gjennomfører vi undersøkinga?
Resultata frå denne undersøkinga er svært verdifulle for oss som arbeider med trafikksikkerheit i fylkeskommunen. Det gir oss innsikt i korleis barna reiser til og frå skulen, og korleis dei opplever skulevegen. Denne kunnskapen er viktig for å kunne sette inn treffsikre tiltak som gjer skulevegen både tryggare og meir tilgjengeleg.
Det er frivillig å delta, men vi håpar så mange som mogleg kan sette av nokre minutt til å svare på spørsmåla.
Du finn meir informasjon på Buskerud fylkeskommune sine websider