Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ta kjøkenpraten!

Kampanje for brannsikring hos eldre. Den eldre delen av befolkninga bur i større grad enn før i eigne heimar eller omsorgsbustader. Då blir det gjerne behov for ekstra hjelp og tiltak i bustaden.

Statistikk viser også at personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkome i brann enn resten av befolkninga.

Som ein del av eit tverrfagleg brannførebyggjande samarbeid mellom helsevesenet, det lokale el-tilsynet og brannvesenet blir det gjennomført Kjøkenprat-kampanjen i Hallingdal no i haust.

Med nokon enkle grep kan du bidra til å redusere brannfaren hos eldre du kjenner. Ta difor den viktige «Kjøkenpraten» der de snakkar saman om kva for brannfarer som finst i heimen, og kva ein kan gjere for at brannsikringablir betre. Temaer her kan vere:

  • Matlaging og brannsikring på kjøkenet
  • Trygg bruk av elektriske produkt og gode laderutinar av småelektronikk
  • Varsling og rømningsvegar
  • Gode fyringsvaner i omnar og eldstader
  • Slokking av brann
  • Levande lys og røyking

Som pårørande er det ei rekke brannførebyggjande tiltak som ein kan hjelpe til med. Dette kan vere:

  • Sjekk at røykvarslarar fungerer og kan høyrast i heile huset, også når soveromsdøra er lukka
  • Sørge for slokkeutstyr som bebuaren klarer å bruke
  • Installering av komfyrvakt
  • Reingjere filteret i kjøkenvifta
  • Legge til rette for at røyking kan foregå på ein trygg måte
  • Passe på at gardiner, dukar og møblar er i god avstand frå panelomnar
  • Rydde bort lysmansjetter, brannfarlege dekorasjonar og ustødige lysestaker

Kjøkenpraten.jpg

Kjell Arne Liahagen frå brannvesenet, Gunn-Bjørg Thoen fra heimetenesta i Ål Kommune og Terje Erik Loftsgard frå Det Lokale El-tilsynet (DLE) er alle samarbeidspartnarar for å auke brannsikringa hos heimebuande eldre i Hallingdal.

Sist endret: 24.04.2024