Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sykle til jobben eller anna aktivitet

Gratis deltaking for deg som er innbyggjar og/eller tilsett i Ål kommune. Kampanjeperiode 6. mai - 15. juni

Du som er innbyggjar og/eller tilsett i Ål kommune kan no melde deg på kampanjen kostnadsfritt.

Dei som har vore med på kampanjen dei siste åra vil motta eit nyheitsbrev. 

    • Alle kan delta
Sykle til jobben er ein lågterskel, felles aktivitet som alle kan delta på, uansett form og utgangspunkt. Noregs største aktivitetskampanje har sidan 1973 fått over 1 million til å velge en mer miljøvennlig og aktiv reiseveg og hverdag.
    • All aktivitet gir poeng
All aktivitet til og frå jobb og på fritida teller. Både sykling, gåturar, styrketrening, fotball, fjellturar og alt anna kan loggast  i appen "Bedriftsidretten". Under heile kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og moglegheiter til å vinne premiar. 
    • Aktivitet styrkar bærekraft og helse  
Å delta med bedrifta, kollegaer, venner og 30 000 andre er ein god måte å bygge bærekraft. Både sosialt via drahjelp og aktivitetsglede gjennom fellesskapet og miljømessig via reduserte utslipp av ein grønare reiseveg. Både fysisk og psykisk helse blir styrka av å gjere noko aktivt og meiningsfylt saman med andre. 

Hugs: All aktivitet til og frå jobb ôg på fritida gir poeng!

Du kan melde deg på via denne lenka:
www.sykletiljobben.no

 

Sykle til jobben 2025.jpg

Sist endret: 28.04.2025