Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Søknad om utvida opningstid i barnehage

Opningstid i alle barnehagane i Ål er 07:30 – 16:30 Etter søknad kan det innvilgast ei utviding mellom kl. 07:00 og 07:30 eller 16:30 og 17:00.  

I søknaden må du skrive noko om arbeidstid og eventuell samfunnskritisk funksjon som gjer at de har eit behov for utvida opningstid skriv og noko om varigheit på behovet.

Sidan utvida opningstid førar til mindre tid med full bemanning er det viktig å avgrense utvida opningstid mest mogeleg. Dagane med utviding blir dermed tilpassa etter føresette sin arbeidsturnus/behov og barnegruppene sine behov.

Du finn søknadsskjema for utvida opningstid her

Sist endret: 06.06.2024