- Det er litt forseinkingar i høve til oppsett plan. Det kom ein snøsørpeflaum tidleg som gjorde at entreprenørane måtte trekke seg ut av elva. Så kom vårflaumen. Den har ført til at arbeidet med austre brukar er forseinka. Arbeidet med sikring av elvebredda har stort sett gått sin gang i vårflaumen
- Muringa er godt i gang på vestsida oppstraums brua. Det står att litt muring inn mot brukaret og opp mot fangdammen
- Voll på austsida er snart ferdig. Det står at litt plastring øvst på vollen, tilkøyring av noko meir massar og ferdigstilling
- Brukar på vestside er ferdig. Arbeidet med å fylle inn mot brukaret vil gå føre seg den næraste tida
- Midlertidig vassleidning snart på plass. Det er sett ned ny vasskum på austsida og lagt ein midlertidig leidning ved Rv7-brua og inn mot eksisterande kum på vestsida
- Arbeidet med mur på austsida oppstraums brua skal i gang nå. Samstundes startar arbeidet med brukaret på austsida
- Fjerning av midlertidig gangveg. Entreprenør må nå få tilgang til området mellom kommunal bru og brua på Rv7. Vi jobbar saman med Statens Vegvesen om å finne alternativ løysing. Når dette er klart vil det kome eigen informasjon om dette
Sikringstiltaka:
- Anlegg Øst har ferie veke 28, 29 og 30
- Kommunal bru. X-anlegg tek ikkje ferie for å ta att tapt tid.
- Rv7 bru. Turhus Maskin skal i gang igjen i august
- Den kommunale brua skulle ha vore ferdig før fellesferien. Vi reknar med at den ikkje er ferdig før i august. Det vil framleis vere att ein god del arbeid rundt brua etter at sjølve brua er ferdig. Vi må fylle inntil brukaret, Sundrevegen skal hevast med om lag 50 cm, rekkverk skal monterast og vi må ha på plass løysingar for overvatn
- Brua kan antakeleg ikkje opnast før Anlegg Øst er ferdig med alle sikringstiltak. Vi har vurdert om vi kan sende gåande og syklande over før, men det ser vanskeleg ut da dei må gjennom riggområdet
- Sikringstiltaka har frist til 1. november. Viss alt går bra framover så kan arbeidet vera ferdig da, men dei ligg litt bak skjema i dag
- Vi har som mål at asfaltering, belegningsstein og evt. plantning blir gjennomført i haust, men det er det været som avgjer. Endeleg ferdigstilling kan måtte bli gjort i 2025
Korleis skal det sjå ut når det er ferdig?
Under er det eit bilete som viser kva som er planlagt:
Dei mørke felta øvst på bilete er plastringa rundt fangdammen. Derifrå går det mur ned til brua på båe sider. Mellom den kommunale brua og brua på Rv7 vert det mur på austsida og eit amfi på vestsida.