Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sikringsarbeid i Kvinda

Arbeidet er i gang

25.01.2024: Oppdatering på Sikringsarbeid i Kvinda. 

Fylgjande UMS er senda ut til dei som bur i Grånhagen og Bakketeigen:  

Arbeid i forbindelse med Kvinda/Vangebrua  

Endra trafikkmønster: Nossvegen vil vere stengt fra Grånhagakrysset til og med forbi Vangesmia ca. 250 m. Sundrevegen vil fortsatt vere stengt for gjennomkjøring. Adkomst til Plettevegen er via Thoreplassvegen. All trafikk til Nossvegen må gå via Tjørndalsvegen. Gåande/syklande mellom Granhagen og sentrum må gå via Grånhagavegen og framleis gå over Vangebrua til Sundrevegen slik som i dag. 

 

Publisert 23.01.2024:

NVE og Ål kommune samarbeider om arbeidet som skal gjerast i Kvinda. I tillegg skal Statens Vegvesen gjera ein jobb på Rv7-brua. Det vil difor vera mykje anleggsarbeid i og rundt Kvinda. Dette vil føre til endringar både for køyrande og mjuke trafikkantar. Mykje vert likt slik det var under og etter Hans.

Ål kommune skal bygge ny bru. Her er det X anlegg AS som har fått jobben. Dei startar opp tidleg i februar. Målet er at ny bru skal vera ferdig 24. juni 2024.

NVE har skrevet kontrakt med Anlegg Øst AS som skal bygge sikringstiltaka langs Kvinda. Dei startar arbeidet 22. januar, og skal vera ferdige 30. oktober 2024.

Statens vegvesen skal bygge ny vangemurar på ovasida av brua. Dei er i gang med arbeidet og skal vera ferdig medio mai 2024.

Her vil det kunne bli justeringar på dato for ferdigstilling for alle tre prosjekta da vi ikkje har kontroll på mellom anna vårflaum.

Endringar for mjuke trafikantar

Dagens bru skal fjernast. Vi vil lage ei midlertidig bru og gangveg for dei som går og syklar. Sjå kartet under korleis løysinga er tenkt.

Kvinda kart.png

Vi har ikkje eksakt dato for når midlertidig bru og gangveg skal takast i bruk, men det skjer i månadsskiftet januar/februar. Det er behov ein til to dagar for å flytte gangbrua og gjera alt klart. Disse dagane vil Ål kommune sette opp buss som går om lag kvart 15-20 min. Bussane vil gå frå 6:00 om  morgonen til 23:00 om kvelden. Vi kjem attende med meir informasjon om stoppestadar.

Endringar for køyrande

Nossvegen vert stengt ved Nossvegen 2 og litt ned for Nossvegen 1. Dei som er ovafor Nossvegen 1 må køyre Tjørndalsvegen for kome ut på Rv7. Bommen på Thoreplassvegen/Plettevegen vert opna slik at alle i Plettevegen også køyrar ut på Rv7 på same plass. Dei som bur i Grånhagavegen skal førebels køyre som før.
Sjå kartet over.

Det kan kome endringar på køyremønster, og vi vil da gi melding til dei det gjeld.

Har de spørsmål til køyremønster eller tilhøva for mjuke trafikantar kan dykk ta kontakt med Jørn Gudbrandsgard på mobil 908 93 563.

Sist endret: 01.10.2024