Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Samkøyring - Brakar og Nabogo

Nytt reisetilbod

Brakar og nabogo lanserer eit nytt reisetilbod for samkøyring i Hallingdal, Ringerike og Hole!
Perfekt for deg som har ledig plass i bilen, og for deg som ikkje har bil, eller reiser når bussen ikkje går.
I appen nabogo kan du finne nokon å sitte på med som skal samme vei, eller du kan melde deg som sjåfør og ta med deg passasjerar når du likevel skal ut å køyre.

Som sjåfør får du ei fast betaling på 15 kroner per passasjer, og deretter 1 krone per kilometer etter dei første 10 kilometerne.
Som passasjer sit du på gratis om du har ein periodebillett frå Brakar.

Nabogo.png

Kort bakgrunnsinfo om samkøyring – januar 2025

Kva er samkøyring?
Samkøyring går kort fortalt ut på at sjåførar og passasjerar får eit enkelt og trygt system for å reise saman, i offentleg regi.

Brukarar rapporterer at dei føler seg trygge og tilbodet er meget godt motteke. Dette fordi begge aksepterer turen, og aktiviteten utviklar seg gjennom nettverk i nabolag, på arbeidsområder og folk sine utvida nettverk (eksempel: naboen, eller trenaren til naboungane)
Samkøyring har i løpet av nokre få år blitt ein praktisk realitet mange stader i verda. 
Kombinasjon av moderne teknologi gjennom mobilar og appar, samt godt samarbeid med kommunar og offentlege kollektivselskap gjer at samkøyring no er på vei til å bli eit reelt alternativ for dei reisande.
Erfaringa viser at effektiv samkøyring kuttar køer, reduserer utslepp
og sparer kostnader, samtidig med at dei reisande kjem effektivt fram. Samkøyring er eit viktig verktøy i arbeidet for færre bilar på vegen ved å styrke kollektivtilbodet og aktiv transport.

Frankrike er det framste foregangslandet for samkøyring. Samkøyring er no ein moden marknad. I Frankrike finst det til dømes 20 selskap som har avtalar med kollektivselskap og det offentlege. I Tyskland er det omlag 60 selskap å velge mellom.
I Danmark har nærare 30 av 90 kommunar avtale med Nabogo. Nabogo er ein av aktørane
som no har etablert seg i Noreg. Dei har allereie ein avtale med Skyss for Askøy og Øygarden, AtB i Trondheim og Brakar for Drammensområdet og heile Hallingdal og Ringerike og Hole.
Trysil og Engerdal har også samkjøringstilbod. Samtidig er det fleire andre som tilbyr liknande tenester, så det er konkurranse på marknaden.

https://brakar.no/utvider-avtale-om-samkjoring/

Desse kollektivselskapa tilbyr i dag samkøyring :
Skyss: https://www.skyss.no/samkoyring
Brakar: https://brakar.no/om-brakar/prosjekter/samkjoring/
AtB: https://www.atb.no/forside/aktuelt/samkjoring


Akershus (tidligere Viken) arrangerte ein nasjonal Innovasjonsworkshop i Drammen og laget ei bok i etterkant:https://read.bookcreator.com/V3KAEEjLcwgp4rlIxuFLHfz6DwJ3/rYcVKIHETKmV0kIiYB_GJg/_TN64u4PRbWI6Ez8Mj_NjA

Kollektivforum arrangerte i haust eit arbeidsmøte med meget godt oppmøte:
https://kollektivforum.toi.no/forside/samkjoring-som-en-del-av-mobilitetssystemet-article38815-1594.html

Samkøyring er beskrevet i Tiltakskatalogen tiltak.no som eit viktig tiltak:
https://www.tiltak.no/b-endre-transportmiddelfordeling/b-5-mobilitetsplanlegging-og-kampanjer/b-5-3/

Du finn meir informasjon her: 
http://www.nabogo.com/no

Sist endret: 04.02.2025