Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Reveskogen - eit småbrukstun i Ål under utvikling

Følg med på utviklinga av «Reveskogen» - eit nyskapande bustadprosjekt i Ål!

I skogen i Øvre-Ål, under fire kilometer frå Ål sentrum, er Ål kommune og samarbeidspartnarar i ferd med å utvikle eit spanande og annleis bu-konsept i Hallingdal.

Her ser vi nemleg på moglegheita for å utvikle ein småbrukstun i det vi kallar «Reveskogen»; ein unik, skjerma plass med flotte solforhold heile året og ferdig planerte tomter som egnar seg ypperleg for bærekraftige hus. 

Her i Reveskogen kan du spenne skia på beina rett utanfor ytterdøra, sykle på skogsvegar og dyrke eigne grønsaker i den nærliggande Ål Markedshage. Samtidig ligg området sentralt til; berre 4 km frå skuler, barnehagar og butikkar. 

I «Reveskogen» ynskjer vi å legge til rette for arkitektteikna, bærekraftige hus i heiltre som skal byggast og plasserast på ein slik måte at det gir eit lågt klimafotavtrykk og liten miljøpåverknad. Det blir lagt stor vekt på plasseffektivitet.

Les meir om prosjektet på heimesida til Reveskogen.

Interessert i å følge utviklinga av konseptet og området? Meld deg på vårt nyheitsbrev.

Sist endret: 11.10.2024