Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Rektor - Nedre Ål skule

2. gongs utlysing

Er du ein tydeleg og strukturert leiar med høg relasjonskompetanse?
Då vil vi ha deg med på laget, og saman vidareutvikle ein av Ål kommune sine gode læringsarenaer. 

Frå 01.08.26 treng Nedre-Ål skule ny rektor i 100 % fast stilling, då vår rektor gjennom mange år går av med pensjon. 

Ål kommune har 3 barneskular og ein ungdomsskule. Nedre-Ål skule har om lag 220 elevar på 1.-7. trinn, og 60 medarbeidarar. Skulen har dyktige og engasjerte tilsette og godt og tett samarbeid med føresette. Skulen har nytt og spennande uteområde, stor gymsal, og svømmebasseng. Dette gjev mange moglegheiter for variert undervisning.

I rolla som rektor ved Nedre-Ål skule vil du ha ansvar for å sikre at våre elevar er godt førebudde på utfordringane i samfunnet vårt. Som rektor vil du vera aktivt medverkande i å forme eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Rektor er delegert budsjett-, økonomi- og personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for oppvekstsektoren.

Du finn meir informasjon om stillinga her:
https://aal.easycruit.com/vacancy/3604199/200323?iso=nn

Sist endret: 09.03.2026