Melding om rekneskapsavslutninga for 2025 – Ål kommune
Rekneskapsavslutninga for 2025 er no i hovudsak ferdigstilt, og tala viser at Ål kommune leverer eit solid resultat for året.
Budsjettet var sett opp med eit underskot på 3,4 millionar kroner, men året endar med eit mindreforbruk på 33 millionar kroner. Dette er eit resultat vi kan vere nøkternt stolte av
Drifta har halde god kontroll gjennom året. Tenesteproduksjonen var budsjettert til 570 mill. kroner, medan faktisk forbruk blei 560 mill. kroner. Dette gir eit mindreforbruk på 10 mill. kroner, tilsvarande 1,8 %. Dette viser at sektorane har hatt god økonomistyring.
På inntektssida mottek kommunen 4 mill. kroner meir i rammeoverføring enn venta, medan skatteinntektene blei 24 mill. kroner lågare enn statens anslag. Samla gir dette 20 mill. kroner lågare frie inntekter.
Samstundes har kommunen i år hatt eit betydeleg bidrag frå kraftsektoren. Inntektene frå Ål kraftverk utgjorde 40 mill. kroner ekstra frå 2024-resultatet.
På investeringssida er det gjennomført prosjekt for til saman 146 mill. kroner. Det er overført 46 mill. kroner frå drift til investering, og kommunen har teke opp 35,5 mill. kroner i lån for å finansiere delar av investeringsnivået.
Samla sett viser regnskapsavslutninga for 2025 at Ål kommune har god økonomistyring og leverer eit sterkt resultat. Samstundes er det viktig å vere medviten om at drifta i stor grad er avhengig av kraftinntektene, som kan variere frå år til år. Dette understrekar kor viktig det er med varig økonomisk disiplin og langsiktig planlegging.
Årets resultat gir likevel grunn til ein nøktern optimisme. Kommunen står støtt, leverer tenester innanfor rammene – og har handlingsrom til å møte framtidige utfordringar.