Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Oppsummering - Sosialkonstruksjonismen

Gamal vane lur å vende? Sosialkonstruksjonisme og styrkebasert tilnærming

Seminaret "Gamal vane lur å vende?» på Torpomoen i Ål kommune 24. mai 2024 var ein stor suksess. Seminaret, som fokuserte på livsmeistring, fråfall og inkludering, samla deltakarar frå ulike sektorar både offentlege og private for å utforske nye og innovative løysingar på samfunnets utfordringar.

Høgdepunkt frå programmet:

Kenneth Gergen, ein pioner innan sosialkonstruksjonismen, leverte inspirerande føredrag om korleis vi saman skaper og forstår verda rundt oss, og oppfordra til radikale endringar for å fremje mangfald og inkludering.

Karin Heiene delte innsikter om sosialkonstruksjonismen og styrkebasert tilnærming.

Resultat frå arbeidet med folkehelseprosjektet i Hallingdal i regi av UngInvest AIB blei presentert, med evalueringsrapporten «Styrkebasert tilnærming – kompetanseheving og spredning av kunnskap i Hallingdal» av NTNU WellFare.

Ingebjørg Mæland frå UngInvest AIB snakka om kulturar i organisasjonar og korleis ein kan bygge og vidareutvikle ønska kulturar for å motverke utanforskap og fråfall.

Gjennom dagen blei det delt fleire praksishistorier frå offentleg sektor som illustrerte korleis teoriane kan omsetjast til praktiske løysingar. Seminaret la stor vekt på korleis ein kan skape sterke, meiningsfulle relasjonar og fremje kvalitet i samskapingsprosessar.

Takk til alle deltakarar og føredragshaldarar for ein inspirerande og lærerik dag!

Her kan du sjå video frå arrangementet

Kenneth Gergen.png

Sist endret: 16.07.2024