Årets prosjekt er i Kenya og Tanzania
"Årets OD-prosjekt er i samarbeid med FOKUS, og støtter ungdom i Kenya og Tanzania. Jenter i Kenya og Tanzania står ovenfor en trussel mot sine menneskerettigheter. I Kenya og Tanzania er kjønnslemlestelse og barneekteskap et stort problem, og årets OD-prosjekt skal, sammen med lokal ungdom, endre disse skadelige skikkene."
Støtt elevane!
På OD-dagen står ungdommar over hele Noreg klare for å jobbe. Det er mange måtar å støtte elevane på. Du kan ansette ein elev på ein arbeidsplass eller i heimen, du kan støtte elaver som tener inn pengar med eigne initiativ eller du kan sysselsette opp til fleire elevar i eit større prosjekt.
Både elevar, arbeidsgjevarar og lokalsamfunn kan få mykje ut av OD-dagen. Elevane kan få arbeidserfaring og arbeidsgjevarar kan bli kjent med og inspirere unge arbeidstakarar. Mange nyttige oppgåver og prosjekt kan gjennomførast. Næringslivet kan lære mykje av ungdom, og OD kan synliggjere bedriftene sitt engasjement og samfunnsansvar.
Rettleiande minstepris er 350 kr for ungdomsskuleelevar og 450 kr for elevar ved vidaregåande skule. Du kan sjølv utlyse ein jobb eller eit prosjekt.
Ta kontakt med Ål vidaregåande skule dersom du har oppdrag å tilby.
Telefon 3208 4500 eller e-post: alvgs@viken.no