Oppdatering 14.08.2025: Det er litt endring på tidslinja når det gjeld arbeid på bru nummer 5, vest for nedkøyringa til Strandalivegen 106. Denne brua blir stengt for gjennomkjøring frå 25/8-25 - 29/9-25. Det vil sei: all personbiltrafikk til Strandalivegen 118 og vest for 118 skal gå over Vangebrue.
Vangebrue bær totalvekt på inntil 10 t, så tyngre utrykningskøyretøy går via Kleivi.
Oppdatert: 13.05.2025: Søppelhenting i området vil i perioden der bruene er stengt, utgå. Søppel må difor fraktast til utsette kontainarar på nordsida av Vangebrue.
Det vil i perioden 12. mai til 4.oktober 2025 foregå stor utbetring av bruene på følgjande strekning mot vest:Strandalivegen – Øino – Vangebrue, og bruene vil difor ikkje kunne køyrast over. Omkøyring vil vere skilta.
Utrykningskøyretøy vil i delar av perioden måtte køyre vestsida om Kleivi.
Ved spørsmål, kontakt avd.leiar Jørn Gudbrandsgard i Veg og Park,
telefon: 908 93 563