Ål Kraftverk KF sin tenesteleverandør på detaljsal er no endra. Dei siste åra har me brukt Fortum Strøm AS.
Ny tenesteleverandør er Dalane Energisalg AS. Dei vil overta frå og med 01.12.2025.
For deg som kunde er det ingen endring i avtalane med Ål Kraftverk KF. Den einaste endringa er at du vil få avrekning på straumforbruket ditt frå Dalane Energisalg AS, i staden for Fortum Strøm AS.
Den siste rekninga frå Fortum Strøm AS vil du få i desember 2025, og det er då avrekninga for forbruk for november 2025. Eventuelle spørsmål rundt den fakturaen må stilast til Fortum Strøm AS, på tlf 32086600, eller pr e-post til aal.kraftverk@fortum.com
Den fyrste rekninga frå Dalane Energisalg AS vil du få i januar 2026, og den vil då gjelde for forbruket ditt i desember 2025.
Kontaktinformasjon for Ål Kraftverk sine kundar frå og med 01.11.2025 er som fylgjer:
Telefon: 51 46 25 05
E-post: aal.kraftverk@dalane-energi.no
Bestillingsside : https://dalane-energi.no/spot-al-kraftverk/