Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ny kultursjef

Inger Bråten, opphavleg frå Gol, har signert kontrakten!

Hallingdølen skriv følgande:
"Etter ein lengre prosess har Ål endeleg erstattaren på plass. 52 år gamle Inger Bråten er frå Gol, men har lenge budd i Oslo og jobba som manager. Ho er gift med ein mann frå Ål, og har ytra at ho vil koma heim att.

Onsdag kveld kom signaturen hennar på plass. På Tingstugu sit ein godt fornøgd rådmann:

– Det har vore ei gåve å få lov å tilsette kultursjef når han me fyrst hadde forsvann til kjærleiken, seier Karsten Popp Dideriksen.

Han seier det har vore mange gode kandidatar på lista som talde 18 personar. Sju har vore på fyrstegongsintervju før tre kom til andregongsintervju til stillinga.

– Det er mange som kunne fått denne jobben, men me meiner me har fått den beste etter ein totalvurdering.

– Har den lokale tilknytinga noko å seie?

– Det er ikkje med og avgjer, men det er jo ein fordel at folk som kjem hit veit kva det vil seie å bu i Hallingdal og på Ål.

Når Bråten tiltrer kan ikkje rådmann svara på torsdag morgon."

Lenke til artikkel i Hallingdølen

Sist endret: 13.02.2024