Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nasjonal varslingsprøve med test av Nødvarsel onsdag 10. juni kl. 12.00

Test av Nødvarsel

Onsdag 10. juni klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Om testen

Det er politiet som sender ut testen av Nødvarsel på mobil. Samstundes testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøva 10. juni blir gjennomført over heile landet rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spela av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane uler.

Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dei rundt deg, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

Kven får testen?

Testen blir sendt ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og kopla til 4G/5G kan ta imot testen.

nødvarsel.no finn du meir informasjon om kva for einingar som kan ta imot Nødvarsel.

Dersom du ikkje ønskjer å ta imot testen, må du setje telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

Kvifor teste?

Nødvarsel på mobil blir testa for heile befolkninga både for å gjere folk kjende med korleis eit Nødvarsel opplevast, og for å sikre at systemet fungerer som det skal.

I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv.

Test av tyfonane blir gjort for å avdekkje tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet.

Signalet som blir testa på tyfonane under varslingsprøva heiter «Viktig melding – søk informasjon» og består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet, betyr det at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg, blir gitt gjennom ulike kanalar, til dømes radio, TV og myndigheitene sine nettsider.

sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga.

 

Sist endret: 08.06.2026