Ål kommune søkjer no ein person som ynskjer å vere møtefullmektig i forliksrådet.
Kva er ein møtefullmektig?
Ein møtefullmektig representerer ein part som ikkje kan møte opp i forliksrådet sjølv. Viss parten ynskjer kan dei då be ein av dei faste møtefullmektigane i forliksrådet om å representere dei. Møtefullmektigen framfører argumenta i saka på vegne av parten dei representerer og kan inngå forlik etter fullmakt frå parten. Det er kommunen som utnemner personar til å vere møtefullmektigar i det faste utvalet.
I rolla som møtefullmektig er det viktig at ein i den enkelte sak er uavhengig av andre interesser enn partens. Dette sikrar at fullmektigen får fremja partens interesser på best mogleg vis.
Krav:
- Du må vere over 25 år
- Du må ha alminneleg god samfunnskunnskap
- Du må beherske norsk godt; både skriftleg og munnleg
Møtefullmektig får godtgjersle for arbeidet (eit halvt rettsgebyr pr. sak), jf. tvistelovforskrifta § 3 og tvisteloven § 6-13 fyrste ledd bokstav c og e. I 2024 er dette beløpet på kr 638,50.
Viss du ynskjer å vere møtefullmektig eller du har spørsmål knytt til rolla kan du melde din interesse ved å sende ein e-post til postmottak@aal.kommune.no eller ringe: 32 08 50 00
Vil du heller vere meddommar? Då kan du sjå her:
Vil du bli meddommar? – Ål kommune