Innsamling av matavfall
Hallingdal Renovasjon startar innsamling av matavfall i veke 38. Fyrste hentedag for Ål vert 21. september.
Før innsamlinga startar får alle hushaldningar ein ny utandørs dunk og ei lita korg til kjøkenskåpet tenkt til matavfall.
Dei som har avtale om heimekompostering får ikkje slikt innsamlingsutstyr. Siste utgåva av Rusken innheld mykje viktig informasjon om matvafall.
Ved spørsmål, ta kontakt med Hallingdal Renovasjon på telefon 3208 6110