Kulturpris
Ål kommune deler ut kulturpris til nokon kommunen ynskjer å heidre for framifrå arbeid for kultur- eller idrettslivet i bygda. Prisen er eit trykk av Trond Andersson og 10.000,- kroner. Alle som ynskjer det kan koma med grunngjevne framlegg til kandidatar. Sektorutval for kultur og oppvekst kan også sjølv koma med framlegg til kandidatar.
Søknadsfrist: 15. november kvart år.
Søknadsskjema: ingen Alle framlegg skal sendast til postmottak@aal.kommune.no
Sektorutval for kultur og oppvekst vurderer søknadene og avgjer tildelinga.
Stipend for ungdom
Ål kommune deler eitt kulturstipend og eitt idrettsstipend til ungdom som lukkast med prestasjonar i sine aktivitetar og slik representerar lokalsamfunnet Ål på ein framifrå måte.
Stipendet skal gje ungdomane inspirasjon og høve til å vidareutvikle seg innan sitt felt.
Stipenda er på 10 000 kroner kvar. Kriteria for tildeling av stipend:
1. Stipendet skal gå til einskildpersonar eller/og grupper av personar som har bustadadresse i Ål
2. Aldersgruppe: 15-24 år
3. Den einskilde ungdom kan sjølv søkje om stipend og andre kan sende inn framlegg til kandidatar
4. Det skal leverast ei grunngjeving med søknaden/framlegget Dei ulike kandidatane kan drøftast med relevante fagmiljø (Ål idrettsråd, Ål musikkråd, utøvande/fagpersonar innan aktuelle felt).
Søknadsfrist: 15. november kvart år.
Søknadsskjema: ingen Alle framlegg skal sendast til postmottak@aal.kommune.no