Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kontaktinformasjon for beredskap og kriser

Er du registrert slik at vi oppnår kontakt?

Få viktige varsel frå kommunen

Det er Skatteetaten (Folkeregisteret) som administrerer adresseregisteret for kor ein er busett. Sjekk at du er riktig registert der.
Nokon har fleire einingar, sekundær bustad, hytte, firma. Då kan det vere nyttig å bli varsla dersom det skjer hendingar på andre adressar enn der ein er registert som busett.

Ål kommune bruker Everbridge til å sende ut viktig informasjon til innbyggjarar via SMS eller e‑post.

Ved å registrere deg sikrar du at du får beskjed når noko skjer der du oppheld deg.

Dette kan du bli varsla om:

  • Akutte hendingar og kriser
  • Problem med vatn og avlaup
  • Stengte vegar eller andre driftsmeldingar
  • Evakuering eller viktige beskjedar i området ditt

Du bør registrere deg hvis du:

  • har fritidsbustad i kommunen
  • ynskjer varsel på anna adresse enn folkeregistrert adresse. Det kan til dømes vere om du er eigar av eit hus der du ikkje bur sjølv
  • vil motta varsling på ekstra telefonnummer eller e‑post

Personvern

Opplysningane dine blir kun brukt til varsling frå kommunen og blir ikkje delt med andre.

Du kan når som helst endre eller slette opplysningane dine

Registrer opplysningar som gjeld Ål kommune via denne lenka - Everbridge

Registrer opplysningar som gjeld adresse andre stader enn i Ål kommune via denne lenka - varslemeg.no

Registrer/endre opplysningar på Skatteetaten - Folkeregisteret via denne lenka

 

 

 

Sist endret: 11.05.2026