Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunalsjef for kultur har sagt opp

Markus Dvergastein seier opp stillinga si med verknad frå 24. januar 2024.

Han seier han er takksam for den tida han har vore i Ål kommune og tilliten han har blitt møtt med. Samarbeid med flinke og trivelege folk.

"Når ein mann på 40 år finn kjærleiken, og kjærleiken ikkje er flyttbar, må ein gjere nokre prioriteringar!"

Markus har takka ja til stilling som kultursjef i Moss kommune. Vi ynskjer han lykke til i den nye jobben når den tid kjem!

Sist endret: 16.05.2024