Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Jubileum for tilsette

18. februar feira kommunen tilsette som har vore i arbeid for kommunen i 30 og 40 år eller meir.  

I alle desse åra har dei bidrege til at kommunen kan levere gode tenester, tryggleik, omsorg og kunnskap til både ålingar og menneske som gjestar bygda vår.

Ål kommune er heilt avhengige av slike flotte medarbeidarar som har stort engasjement og mykje erfaring. Gjennom alle desse åra har dei stått i endringane, omveltningane og gitt tenester i alle livets livsfasar.

Tusen takk til alle saman! Ein takk ôg til dei som var forhindra frå å delta på jubileet denne kvelden!

På biletet frå venstre:
Jørund Li, Gunni Ringstad, Heidi Olaug Kjelsaas Ruud, Anne Kjersti Frøyen, Inger M. N. Vestenfor, Magnhild Smestad, Marit Haugo og Svanaug Lie Brattegard

Sist endret: 23.02.2026