Tingstugu er ope som vanleg frå 09.00 - 15.00
Du kan skrive i kondolanseprotokollen på Servicetorget fram til kl. 11.00.
Frå klokka 11.30 vil kondolanseprotokollen vere tilgjengeleg på Ål kulturhus fram til etter gravferda.
Kl. 13.00 blir det markert eitt minutts stille med tre klokkeslag frå kyrkjeklokkene. Minuttet blir avslutta med tre nye klokkeslag kl. 13.01.
Når gravferda er avslutta, vil kyrkjeklokkene ringje samanhengande i ein time.
Ål kyrkje er open frå kl. 08.30 til 15.30. Her kan du ôg skrive i kondolanseprotokollen.