Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Helsing frå Ordførar Solveig Vestenfor

Julehelsing frå Ordføraren

Julebilde Solveig VestenforJulehelsing 2023

Gode sambygdingar!

2023 har vore eit krevjande år for verda. Med krigføring i Ukraina og Gaza har verda koma nær, med folk på flukt og den såkalla dyrtida, som påverkar både økonomien, investeringsviljen og bekymring for framtida.

For Ål har det samtidig vore eit godt år. Me vil, mest truleg, vera meir enn 5000 innbyggarar ved årsskiftet! Det er ei stor glede og eit stort ansvar. Her gjeld det å mobilisere slik at både nye og etablerte Ålingar kjenner at dei høyrer til og blir rekna med i den lokale samfunnsveven. Det er kvar og ein av oss sitt ansvar. Året har også vore godt for Ål kommune økonomisk, og kommunestyret har m.a. støtta unge etablerarar, straumkundar i Ål kraftverk og attpåtil betalt ned historiske 200 mill i gjeld. «Gleden og sorgen di vandrer til hope», seiest det, og ingenting er sannare enn det når ein oppsummerer 2023 med blikket sett frå Ål si side.

For mange av oss vil nok «Hans» vera det første som kjem oss i hug, når me tenkjer attende på 2023. Ikkje sidan naturøydeleggingane i Svarteberg i 1876 har naturen herja så brutalt i kommunen vår og sett så djupe spor etter seg, både fysisk og psykisk. Kjensla av det enorme alvoret, over uvissa om kor det kom til å rasa dei neste timane og kor me måtte evakuere folk frå heimen, takksemda over geologen som følgde kriseleiinga og gav politiet og oss viktig rettleiing og rådgjeving,  maskinkøyrarar som strekte strikken i overkant langt for å trygge infrastruktur, eigedomar og innbyggjarar, nabokommunar og hotell som tok imot våre eigne, tålmodige turistar som vart sitjande fast og vart del av det fine evakueringsmiljøet på Ål kulturhus, innbyggarar som opna heimane sine for folk dei aldri har møtt, naboar som tok ansvar for kvarandre, den store kjensla av å høyre til og stå i dette saman, av å sjå eit lokalsamfunn som mobilierte 24-7. Det finst berre eitt ord for alt dette: Takk!

Mange sit med store bekymringar framleis. Mange har kjent på det å bli utrygg i eigen heim, at ein kjenner det i magen når kraftig regnver strøyme på, bekymring rundt økonomiske utlegg og venting på svar på søknader frå Statens naturskadefond, Det er ein omfattande ryddejobb som må gjerast, og det krevst både undersøkjingar, tiltak og rassikring. Heile kommunen vil etterkvart bli undersøkt.                                                                                                                                                                                                                                                                                                              Men 2023 er meir enn herjingane under og etter «Hans». Eg vil kort nemneeit utval høgdepunkt frå 2023:

  • Filmen om kraftutbygginga «Det kvite gullet» vart ein publikumssuksess på Ål kino.
  • Top Camp Hallingdal feira sitt 10-årsjubileum.
  • Jonsokfeiringa Elvelangs ved Ål camping har vorte ein tradisjon. 
  • 10.klassefestival for alle ungdomar i Hallingdal var ein suksess også dette året.
  • Gjestespel i Tolleivsgarden vart arrangert for første gong. 
  • Normisjon arrangerte «Tur med tru», der misjonærar frå Hallingdal frå tidleg 1800-tal og fram til i dag fekk merksemd.
  • Sykkelstigen «Bråtabakkjin» vart opna med mange unge og etablerte syklistar.
  • Leveld kunstnartun har fått auka tilskot i statsbudsjettet.
  • Ål Intro arrangerte i samarbeid med Skarslia akuttmottak og Ål kommune eittårsmarkeringa for invasjonen i Ukraina.
  • TV-aksjonen gjekk til Redd Barna si satsing « La barn leve i fred». Det vart arrangert skuleløp for alle klassar i Ål. Kommunen kom øvst på pallen for andre gong på rad!
  • Torpo idrettslag feira sitt 100-årsjubileum med brask og bram på Bakketun.
  • Rema 1000 Ålingen vart kåra til «Årets jobbskapar» under ein «Alle tiders torsdag», arrangert av NAV og VINN. 
  • Opninga av Austvoll bru i Flå kommune.
  • Veterantreffet den 8.mai vart arrangert på Nesbyen ved dei engelske gravene.
  • Hallingdal sjukestugu opna «Pusterommet» for pasientar som er i kreftbehandling.
  • Hallingdal sjukestugu innfører biletdiagnostisering / røntgen ved hjelp av kunstig intelligens.
  • Innovasjons- og berekraftssenteret vart høgtideleg opna på Torpomoen
  • Satsing på høgare utdanning er godt i gang, med skreddarsydde og samlingsbaserte studier ved Utdanningssenteret på Geilo og Torpomoen. Campus Hallingdal opnar hausten 2024.   
  • Takk til alle dei ti brurepara eg har fått gleda av å vie i 2023! 
  • Takk til alle flotte og imponerande spreke 100-årsjubilantar eg har fått besøke dette året! 
  • Takk for alle møte og samtalar på ordførarbenken, i frukostmøte, på bedriftsbesøk, på Hallingdalskonferansen og til alle fine 5.klassingar for samarbeid om «Vårt lokalsamfunn».
  • Takk til bedrifter og styre i Kleivi næringspark som har lagt ned ein stor innsats for å ferdigstille parken, slik at me no kan avvikle det kommunale selskapet me har hatt med Hol kommune gjennom fleire tiår. 

Kommune- og fylkestingsvalet i september 2023 førte til blåblått fleirtal i nye Buskerud fylke. I Ål har kommunestyret no 25 representantar fordelt slik: 8 Ap, 7 H, 6 Sp, 2 FrP, 1 V og 1 SV. Raudt stilte også liste i Ål, men fekk ikkje nok stemmer til å bli valt inn denne gongen.

Takk for valkampen, drøftingane og debattane. Me har godt av å brynast og setja politisk dagsorden og nye mål for dei fire komande åra. Takk for tilliten frå veljarar og kommunestyret, som gjer at eg fekk halde fram som ordførar. Det er eg både audmjuk og takksam for! Gratulerer til Jørund Li (H) som er ny varaordførar.  

Eg opplever at det politiske og administrative samarbeidet ser ut til å halde fram like godt som det har vore. Det betyr mykje for kommunen vår og for utviklinga i lokalsamfunnet. Me bruker kreftene rett når me kan drøfte politiske saker og samtidig trivast i lag. Takk til alle som gjer sitt for å få dette til!

2023 er også eit år der mange har kjent på sorg over å miste. Eg sender alle pårørande ei ekstra varm helsing no når julehøgtida er her.

I små lokalsamfunn er det viktig å løfte fram enkeltmenneska som kvar for seg og i saman skaper små og store endringar og utviklar samfunnet, i det frivillige og i arbeidslivet. Takk til kvar og ein av dykk. Eg er stolt og takksam for å få vera folkevalt og ambassadør for Ål kommune.

Eg ynskjer alle ei fredeleg og god jul!

Mitt største ynskje er at 2024 vil bli eit år der fred og forsoning rår.  

Solveig ordførar